Skapolitt
Utsjånad
Skapolittgruppa | |||
Skapolitt frå Madagaskar | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Tektosilikat |
Skapolitt, tidlegare werneritt, ei gruppe tetragonale mineral som kjemisk står plagioklas-feltspata nær. Fargen er vanlegvis kvit eller grå. Den kjemiske samansetjinga kan uttrykkjast som ei gruppe på tre feltspatmolekyl knytte til natriumklorid eller kalsiumkarbonat: 3NaAlSi3O8·NaCl (endeleddet marialitt) og 3CaAl2Si2O8·CaCO3 (endeleddet meionitt). Blandingsledd mellom desse blir kalla mizzonitt og dipyr.
Skapolittmineral er temmeleg utbreidd. Det finst i Noreg mellom anna i kontaktsonene til Oslofeltet, i gabbroar, på apatittgangar og i einskilde granittpegmatittar i området Bamble–Arendal. Skapolitt er ofte danna på rekning av plagioklas ved tilførsel av klorhaldige løysingar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Skapolitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/skapolitt.