Hopp til innhald

Skål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For drikkeskikken, sjå skåling.

Skål eller bolle er eit ope, rundt ilåt som ein kan ha mat eller drikke oppi. Det kan brukast til tillaging, oppbevaring og servering av næringsmiddel. Ei skål er ofte mindre enn ein bolle.[1][2] Ordet «skål» stammar frå norrønt skál, og er i slekt med orda «skal», «skjel» og «skalle».[1]

Skåler kan vera laga av menge ulike materiale, som keramikk, porselen, glas, plast eller tre.

I tillegg til daglegdags bruk kan skåler ha seremoniell tyding som offerskål eller døypefont.