Sjelon
Utsjånad
Sjelon | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 9 710 km² | ||
Lengd | 248 km | ||
Middelvassføring | 44 m³/s | ||
Munning | Ilmen | ||
Sjelon 58°12′52″N 30°46′58″E / 58.214488888889°N 30.782661111111°E | |||
Wikimedia Commons: Shelon river |
Sjelon (russisk Шелонь) er ei elv i Pskov og Novgorod oblast i Russland. Elva er 248 km lang og har eit nedslagsfelt på 9 710 km². Elva har ei middelvassføring på 44 m³/s.
Elva spring ut aust i Pskov oblast og munnar ut i innsjøen Ilmen i Novgorod oblast. Langs Sjelon ligg byane Porkhov og Soltsy.
Slaget ved Sjelon (14. juli 1471) mellom Storfyrstedømet Moskva og Republikken Novgorod vart utkjempa mellom byen Soltsy og munningen av Sjelon. Det slutta med siger til moskovittane, leia av Hertug Kholmskij. Som følgje av slaget vart Novgorod innlemma i Storfyrstedømet Moskva i 1478.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sjelon» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2008.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sjelon