Hopp til innhald

Siri von Essen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siri von Essen

Siri von Essen (fødd 17. august 1850 i Borgå, død 21. april 1912), fødd Sigrid Sofia Matilda Elisabet von Essen, var ei finlandssvensk adelskvinne og skodespelarinne. Ho var fyrst gift med baron Carl Gustaf Wrangel af Sauss i åra 1872–1876, og etter at dei skilde seg, med den svenske forfattaren August Strindberg i åra 1877–1891. Med Strindberg fekk ho tre barn, blant dei den seinare forfattaren Karin Smirnov.

Von Essen ønskte tidleg å bli skodespelar, til trass for at det blei sett på i samtida som lite passande for ei adelskvinne. Det var derfor dette ho brukte som grunn for skilsmissa frå baron Wrangel. I åra mellom 1877 og 1881 var ho skodespelar ved Kungliga Dramatiska Teatern i Stockholm, der ektemannen skreiv ei rekke stykke til ho. Ho slutta på teateret da ho blei gravid.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]