Siri Staalesen
Siri Staalesen | |||
| |||
Fødd | 30. juni 1973 (51 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Siri Gåsemyr Staalesen (fødd 30. juni 1973) er ein norsk politikar. Ho har vore stortingsrepresentant frå Oslo for Arbeidarpartiet sidan 2017.
Staalesen er utdanna historikar. Ho har arbeidd i Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune og i Miljøverndepartementet. Fram til 2017 var ho partisekretær i Oslo Arbeidarparti. I 2017 var ho Oslo Arbeidarparti sin fjerdekandidat ved stortingsvalet 2017. Perioden mellom 2017 og 2021 var ho på Stortinget medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen. Ved stortingsvalet i 2021 var Staalesen partilaget sin sjettekandidat. Dermed vart ho andre vararepresentant til Stortinget 2021–2025. Men ettersom Arbeidarpartiet kom til regjeringsmakt i oktober 2021, har ho kunna møtt fast på Stortinget i staden for statsråd Espen Barth Eide. Ho heldt fram i den same Kommunalkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Siri Staalesen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. september 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]