Sirghaya
Sirghaya | |||
سرغايا | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Rif Dimashq guvernement | ||
Distrikt | Zabadani-distriktet | ||
Høgd | 1 446 moh. | ||
Koordinatar | 33°48′N 36°09′E / 33.800°N 36.150°E | ||
Folketal | 16 647 (2002) | ||
Retningsnummer | 11 | ||
Sirghaya 33°48′N 36°09′E / 33.8°N 36.15°E | |||
Kart som viser Sirghaya.
| |||
Wikimedia Commons: Serghaya |
Sirghaya (arabisk سرغايا) er ein liten by i landsbygda kring Damaskus sørvest i Syria.
Sirghaya har eit folketal på 16 647, som hovudsakleg er muslimar.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Ein trur at namnet Sirghaya har arameisk opphav, og tyder hestesal på grunn av forma på dalen mellom fjella.
Det er ingen større arkeologiske funn i området, utanom nokre grotter og gamle graver.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Han ligg 60 km frå Damaskus, 1 446 meter over havet ved foten av Anti-Libanon-fjella. Sirghaya har eit moderat klima med temperatur som varierer frå 25 til 32 grader Celsius om sommaren. Om vinteren kan temperaturane variere frå -5 til 10 med periodevis snøfall.
Landsbyen har vegsamband til Damaskus via Zabadani og den gamle jernbanen kan nå Beirut via Riyaq (or Rayak) i Bekaa. Byen har mange stader med flott utsikt og kjelder og brunnar med friskt vatn.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Hovudnæringa i byen er basert på jordbruk og dei viktigaste avlingane er eple, kirsebær, pære, fersken og aprikos).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sirghaya» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: