Hopp til innhald

Simon Ammann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simon Ammann


Statsborgarskap Sveits
Fødd 25. juni 1981 (43 år)
Grabs
Idrett skihopping, alpint
Tok del i Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Skihopping under Vinter-OL 2002 – Normalbakke, Skihopp under Vinter-OL 2010 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 2002 – Stor bakke, Skihopp under Vinter-OL 2010 – Stor bakke, Vinter-OL 2018
Utmerkingar Årets idrettsutøvar i Sveits, Holmenkollmedaljen
Simon Ammann

Simon Ammann (fødd 25. juni 1981) i Grabs er ein sveitsisk skihoppar. Han representerer skiklubben RG Churfirsten. Ammann er den mestvinnande skihopparen i olympiske leikar med fire individuelle gullmedaljar, to i 2002 og to i 2004. Han vart verdsmeister i storbakken i 2007 og i skiflyging i 2010. I 2009/10-sesongen vann han verdscupen i skihopping.

Ammann debuterte i verdscupen som 16-åring i sesongen 1997/98. Han kvalifiserte seg til OL 1998 i Nagano, men hevda seg ikkje. Han kom sterkt tilbake i 2002, der han vann begge dei individuelle OL-renna. Heile åtte år etter, under Vancouver 2010, gjentok Ammann bragda og vann renna i begge hoppbakkane. Same sesongen vart han også verdsmeister i skiflyging.

Olympiske vinterleikar

Ski-VM

Verdscupen

  • Vinnar av verdscupen 2009/10
  • 20 rennsigrar. I alt har han 68 gongar stått på sigerspallen (20-27-21)

I 2007 vart Simon Ammann tildelt Holmenkollmedaljen.