Hopp til innhald

Sahnaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sihnaya)
Sahnaya
صحنايا
by
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Darayya-distriktet
Nahiyah Sahnaya
Koordinatar 33°25′27″N 36°13′28″E / 33.42417°N 36.22444°E / 33.42417; 36.22444
Folketal 13 993  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC 2)
Kart
Sahnaya
33°25′27″N 36°13′28″E / 33.42416667°N 36.22444444°E / 33.42416667; 36.22444444
Kart som viser Sahnaya.
Kart som viser Sahnaya.
Kart som viser Sahnaya.

Sahnaya (arabisk صحنايا, òg skrive Sihnaya) er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement, sørvest for Damaskus i det vestlege Ghouta. Av stader i nærleiken finn ein Ashrafiyat Sahnaya, Darayya, Muadamiyat al-Sham, Judaydat Artuz, Khan Danun og Al-Kiswah. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Sahnaya eit folketal på 13 993 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Sahnaya nahiyah som består av to småbyar med eit samla folketal på 44 512.[1]

Innbyggjarane i Sahnaya er hovudsakleg drusarar og gresk-ortodokse. St. Paulusgrotta nær byen er visstnok gøymestaden til apostelen Paulus då han vart forfølgd i Damaskus.[2]

Geografi og folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Sahnaya ligg i eit landleg område og har eit varmt klima. Dei fleste husa er enkle, hovudsakleg laga av stein. Fordi han ligg ved Damaskus, ein av dei eldste byane i verda, har byen eit ganske slite og spartansk utsjånad. Innbyggjarane er hovudsakleg muslimar, men her finst òg nokre kyrkjer.

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
  2. Burckhard, 1822, s. 48.