Shut Down Volume 2
Shut Down Volume 2 Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. mars 1964 | |
Innspelt | 1. januar til 20. februar 1964 | |
Sjanger | Surferock | |
Lengd | 27:05 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Brian Wilson | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Beach Boys-kronologi | ||
Little Deuce Coupe (1963) |
Shut Down Volume 2 | All Summer Long (1964)
|
Shut Down Volume 2 er det femte studioalbumet til The Beach Boys og det første av fire album av bandet frå 1964. «Volume 2» i tittelen syner til ei hot rod-samling kalla Shut Down gjeven ut av plateselskapet deira Capitol Records i 1963. Denne samleplata inneheldt «409» og «Shut Down», men var ikkje eit Beach Boys-album.
Shut Down Volume 2 nådde 13. plass i USA og låg på lista i 38 veker. I dag finst Shut Down Volume 2 på CD i lag med Surfer Girl, samt bonusspor frå perioden.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Albumet vart spelt inn medan «Beatlemania» nådde Amerika (og som snart skulle påverke bandleiaren Brian Wilson og karieremåla til The Beach Boys) og Shut Down Volume 2 var meint å sementere bandet som det største bandet i Amerika. I staden vart invasjonen til The Beatles så overveldande at albumet berre nådde 13. plass (men selde etter kvart til gullplate).
Noko av årsaka til dette ligg nok i at tre av spora vert rekna som fyllmateriale for å fylle opp eit heilt album. Høgdepunkta på albumet er likevel nokre av dei mest kjende songane til Beach Boys så langt i karrieren deira med «Fun, Fun, Fun», «Don't Worry Baby», «The Warmth of the Sun» og ei utgåve av Frankie Lymon sin «Why Do Fools Fall In Love». «Pom, Pom Play Girl» var første gong Carl Wilson offisielt song solovokal på ein Beach Boys-song.
Shut Down Volume 2 vart marknadsført som ei «hot rod»-samling etter forgjengaren Little Deuce Coupe hadde gjort det så bra, men The Beach Boys klarte ikkje å halde seg like gjennomført til dette temaet denne gongen, og Brian Wilson var i ferd med å finne nye tema å skrive songar om.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Fun, Fun, Fun» (Brian Wilson/Mike Love) | Mike Love | 2:03 |
2. | «Don’t Worry Baby» (Brian Wilson/Roger Christian) | Brian Wilson | 2:47 |
3. | «In the Parkin' Lot» (Brian Wilson/Roger Christian) | Mike Love | 2:01 |
4. | «Cassius Love vs. Sonny Wilson» (Mike Love/Brian Wilson) | Brian Wilson og Mike Love | 3:30 |
5. | «The Warmth of the Sun» (Brian Wilson/Mike Love) | Brian Wilson | 2:51 |
6. | «This Car of Mine» (Brian Wilson/Mike Love) | Dennis Wilson | 1:59 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Why Do Fools Fall In Love» (Frankie Lymon/M. Levy) | Brian Wilson | 2:07 |
8. | «Pom Pom Play Girl» (Brian Wilson/Gary Usher) | Carl Wilson og Mike Love | 2:17 |
9. | «Keep an Eye on Summer» (Brian Wilson/Bob Norman) | Brian Wilson og Mike Love | 2:09 |
10. | «Shut Down, Part II» (Carl Wilson) | Instrumental | 2:07 |
11. | «Louie Louie» (Richard Berry) | Carl Wilson og Mike Love | 2:00 |
12. | «Denny's Drums» (Dennis Wilson) | Instrumental | 1:56 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- The Beach Boys
- Al Jardine – harmonivokal og korvokal, bassgitar, rytmegitar
- Mike Love – solo-, harmon- og korvokal
- Brian Wilson – solo-, harmoni- og korvokal, bassgitar, piano
- Carl Wilson – solo-, harmoni- og korvokal, sologitar
- Dennis Wilson – solo-, harmoni- og korvokal, trommer
Salslister
[endre | endre wikiteksten]- Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1963 | US Billboard 200 Albums Chart | 13[1] |
- Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1964 | «Fun, Fun, Fun» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 4 |
1964 | «Don't Worry Baby» | US Billboard Hot 100 Singles Chart | 24 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shut Down Volume 2» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Surfer Girl/Shut Down Volume 2 CD-hefte, David Leaf, c.1990.
- «The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience», Timothy White, c. 1994.
- «Wouldn't It Be Nice - My Own Story», Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
- «Top Pop Singles 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002.
- «Top Pop albums 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002.
- Allmusic.com
- ↑ «Shut Down, Vol. 2 - The Beach Boys: Awards». AllMusic.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tekstane til Shut Down Volume 2 Arkivert 2006-07-03 ved Wayback Machine.