Hopp til innhald

She Got Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«She Got Me»
Song av Luca Hänni
Land Sveits
Språk Engelsk
Utgjeve 8. mars 2019
Sjanger Pop, latinopop
Lengd 03:00
Selskap Muve Recordings
Komponist Laurell, Luca Hänni
Tekstforfattar Laurell
Låtskrivar(ar) Laurell Barker, Frazer Mac, Jon Hällgren, Lukas Hällgren og Luca Hänni

«She Got Me» (norsk 'ho fekk meg') er ein engelskspråkleg latino-inspirert popsong som vert framført av den sveitsiske songaren Luca Hänni. Songen vart utgjeven 8. mars 2019 og er komponert av Laurell Barker, Frazer Mac, Jon Hällgren, Lukas Hällgren og songaren Luca Hänni sjølv. «She Got Me» var det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel, der han enda på fjerdeplass. Låten vart vald gjennom ei lukka juryvurdering i regi av den sveitsiske kringkastaren SRG SSR.

Luca Hänni framfører «She Got Me» under ei av prøvene før finalen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv.

«She Got Me» vart skriven av Luca Hänni saman med eit lag av internasjonale låtskrivarar under ei sveitsisk låtskrivarsamling i 2018.[1] «She Got Me» kombinerer vestleg pop med latinorytmar og musikkelement frå Midtausten.[2] «Eg ynskjer å spreie litt livsglede og dele lidenskapen min for dans og musikk», har Hänni sagt om songen.[2] Hänni er ein sveitsisk musikar, modell og låtskrivar som vart kjend i Sveits, Austerrike og Tyskland då han vann niande sesong av Deutschland sucht den Superstar i 2012. Programmet er den tyske versjonen av Idol.

Sveitsisk uttak

[endre | endre wikiteksten]

«She Got Me» vart send inn til tevlinga for å kåre det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Israel. I prosessen vart dei innsende songane vurderte av eit panel på hundre lyttarar og ein internasjonal fagjury beståande av 20 musikkbransjefolk. Dei to jurygruppene avgjorde kvar 50 prosent av resultatet, og dei kåra til slutt «She Got Me» som vinnaren av det sveitsiske Eurovision-uttaket.[2] Tevlinga var i regi av den sveitsiske ålmennkringkastaren SRG SSR som består av dei regionale kringkastarane SRF, RTS, RSI og RTR.[3] Etter at «She Got Me» vart utgjeven, gjekk songen raskt inn som ein av favorittane til å vinne Eurovision Song Contest.[3][4]

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

«She Got Me» vart offentleggjord 8. mars 2019, og han deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv. Semifinalen vart arrangert torsdag 16. mai, og Sveits hadde startnummer 4. Songen vart blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[5] I finalen enda han på fjerdeplass; den beste plasseringa til Sveits på 26 år.[6][7]

«She Got Me» vart lagd ut for strøyming 7. mars 2019 og digital nedlasting dagen etter av selskapet Muve Recordings. Nedlastingsversjonen har to spor:[8]

Digital nedlastning

[endre | endre wikiteksten]
Spor Tittel Lengd
01 «She Got Me» 03:00
02 «She Got Me» (karaokeversjon) 03:01

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2019) Høgaste

plassering

 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[9] 26
 Belgia, Flandern (Ultratip)[10] 22
 Estland (Eesti Tipp-40)[11] 5
 Hellas (IFPI Digital Singles)[12] 10
 Irland (Irish Singles Chart)[13] 77
 Island (Tónlistinn)[14] 3
 Nederland (Single Top 100)[15] 48
 Noreg (VG-lista)[16] 38
 Skottland (Official Charts Company)[17] 45
 Storbritannia (UK Download)[18] 32
 Sveits (Schweizer Hitparade)[19] 1
 Sverige (Sverigetopplistan)[20] 35
 Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[21] 62

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Switzerland sends Luca Hänni with 'She Got Me' to Tel Aviv». Henta 31. mars 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 MUVE_AP (7. mars 2019). «Luca Hänni - She Got Me (Eurovision Song Contest Song Switzerland)» (på engelsk). Henta 31. mars 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Switzerland: Luca Hänni picked for Eurovision 2019 with "She Got Me"». 7. mars 2019. Henta 31. mars 2019. 
  4. «Odds Eurovision Song Contest 2019». Henta 31. mars 2019. 
  5. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  6. «Eurovision 2019: This is the running order of the Grand Final!». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  7. «Eurovision Song Contest 2019 – grand final». EBU. mai 2019. Henta 24. mai 2019. 
  8. «‎She Got Me by Luca Hänni» (på engelsk). Henta 31. mars 2019. 
  9. «Das österreichische Hitparaden- und Musik-Portal». Henta 6. juni 2019. 
  10. «Luca Hänni – She Got Me» (på nederlandsk). Henta 11. mai 2019. 
  11. «EESTI TIPP-40 MUUSIKAS: Rammstein ja Tyler lömastasid Billie Eilishi» (på estisk). 28. mai 2019. Henta 31. mai 2019. 
  12. «Official IFPI Charts – Digital Singles Chart (International) – Week: 21/2019». IFPI Greece. Arkivert frå originalen den 6. juni 2019. Henta 6. mai 2019. 
  13. «IRMA – Irish Recorded Music Association». Henta 24. mai 2019. 
  14. «TÓNLISTINN – LÖG | Plötutíðindi» (på engelsk). plotutidindi.is. Juni 2019. Arkivert frå originalen 3. juni 2019. Henta 6. juni 2019. 
  15. ««She Got Me» – Dutch Charts». Henta 24. mai 2019. 
  16. «She Got Me på VG-lista» (på norsk bokmål). Henta 24. mai 2019. 
  17. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 24. mai 2019. 
  18. «Official Singles Downloads Chart Top 100: 24 May 2019–30 May 2019». Henta 26. mai 2019. 
  19. «'She Got Me' på sveitsisk hitliste». hitparade.ch. mars 2019. Henta 31. mars 2019. 
  20. «Luca Hänni på Sverigetopplistan» (på svensk). Henta 24. mai 2019. 
  21. «She Got Me – Offizielle Deutsche Charts». GfK Entertainment. Henta 24. mai 2019.