Seyhan Nehri
36°59′18″N 35°20′5″E / 36.98833°N 35.33472°E
Seyhan | |||
elv | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Provinsar | Kayseri, Adana, Mersin | ||
Distrikt | Aladağ, Karaisalı, Çukurova, Sarıçam, Seyhan, Yüreğir, Tarsus | ||
Tilløp | |||
• høgre | Göksu | ||
Nedslagsfelt | 20 600 km² | ||
Byar | Adana | ||
Lengd | 560 km | ||
Kjelde | Akinek Dağı | ||
- stad | Aladağ, Adana, Tyrkia | ||
• høgd | 1 500 moh. | ||
Seyhan Nehri 36°59′18″N 35°20′05″E / 36.988333333333°N 35.334722222222°E | |||
Kart som viser Seyhan Nehri.
| |||
Wikimedia Commons: Seyhan River |
Seyhan Nehri (tidlegare kalla Seihan, Sihun; i antikken Saros, gresk Σάρος) er den lengste elva i Tyrkia som renn ut i Middelhavet. Elva er 560 km og renn sørvest frå kjelda si i Tahtalıfjella (provinsane Sivas og Kayseri) i Anti-Taurus til Middelhavet via eit vidt delta. Dei største kjeldeelvane hennar er Zamantı og Göksu som renn saman i Aladağ i Adana og dannar Seyhan. Zamantı-elva spring ut frå Uzunplatået i Pınarbaşı i Kayseri og kryssar Tomarza, Develi og Yahyalı i Kayseri.
I antikken vart elva kalla Saros og sletta vart kalla Kilikiasletta.
50 km frå munningen renn Seyhan gjennom byen Adana, den einaste busetnaden langs elva. Det går fleire bruer og gangbruer over elva i Adana, inklduert Steinbrua, ei romarbrua frå 300-talet. Elva munnar ut i Middelhavet ved Kapp Deli.
Den store Seyhandammen ovanom Adana er bygd for kunstig vatn, vasskraft og flaumkontroll. Yedigöze og Çatalan er dei andre demningane i Seyhan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Seyhan River» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2012.