Seretelva
Utsjånad
Seret (ukrainsk: Серет) er ei venstre sideelv til Dnestr som renn gjennom Ternopil oblast i Ukraina. Ho er 242 km lang og drenerer eit område på 3 900 km². Byane Ternopil, Terebovlja og Tsjortkiv ligg langs breidda. Nokre av dei blodigaste kampane under første verdskrigen fann stad langs breidda av Seret.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Seret River» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2012.