Serenade nr. 9 av Mozart
Utsjånad
K. 320 Serenade av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Sjanger | Orkestermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 3. august 1779 | ||
Typisk lengd | 42:46 | ||
Satsar/akter | 7 | ||
Toneart | D-dur | ||
Instrumentering | fløyte, pikkolofløyte, obo, fagott, valthorn, trompet, Posthorn, pauke, Strykeorkester |
Serenade for orkester nr. 9 i D-dur K. 320, Posthorn, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i Salzburg, i 1779. Manuskriptet er datert 3. august 1779 og var meint som seremonimusikk ved Universitetet i Salzburg det året.[1]
Serenaden er instrumentert for to fløytear, flautino, 2 oboar, 2 fagottar, 2 valthorn, 2 trompetar, posthorn, pauke og strykarar. Verket har sju satsar:
- Adagio maestoso - Allegro con spirito
- Minuetto
- Concertante: Andante grazioso i G-dur
- Rondeau: Allegro ma non troppo i G-dur
- Andantino i D-moll
- Minuetto - Trio 1 & 2
- Finale: Presto
Concertanten og rondoen er dominert av fløyte og obo.
Den første trioen av den andre menuetten består av ein soloflautino (eller piccolo) spelt over strykarar. Den andre trioen i den andre menuetten har ein solo for posthorn og dette har gjeve serenaden kallenamnet sitt.
Ei typisk framføring varer om lag 42-45 minuttar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Serenade No. 9 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sadie, Stanley. Mozart: The Early Years, 1756–1781, p. 503-505, New York: W.W. Norton & Co. (2006) ISBN 0-393-06112-4.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Serenade in D "Posthorn Serenade" KV 320: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe