Seldsjukkar
Seldsjukkane eller seldsjukk-tyrkarane var ei viktig grein av oghuz-tyrkarane og eit dynasti som okkuperte delar av Sentral-Asia og Midtausten frå 1000-talet til 1300-talet i eit område kalla Seldsjukkarriket. Seldsjukkane migrerte frå nord og inn i Persia der dei kjempa og erobra forskjellige stammer i deira Transoxiana.
Seldsjukkane vert rekna som forfedrane til dei vestlege tyrkarane, dagens innbyggjarar i Tyrkia, Turkmenistan, Usbekistan og Aserbajdsjan. Seldsjukkane og etterkomarane deira, osmanarane, spelte ei viktig rolle i mellomalderen ved å skape ein barriere mellom Europa og mongolske erobrarar frå aust, forsvarte den islamske verda mot krosstoga frå vest og erobra Austromarriket.
Under Alp Arslan sin etterfølgjar Malik Shah I og vesiren hans Nizam al-Mulk ekspanderte seldsjukkstaten i forskjellige retningar slik at det grensa til Kina i aust og Austromarriket i vest. Då Malik Shah døydde i 1092, vart imperiet splitta, då bror hans og fire søner krangla over delinga av riket mellom seg. I 1118 tok den tredje sonen, Ahmed Sanjar, over riket etter at han var misnøgd med sin del av arva. Brørne hans anerkjende ikkje kravet hans til trona og Mahmud II proklamerte seg sjølv sultan og etablerte ein hovudstad i Bagdad. Ahmed Sanjar vart fanga og halde i fangenskap av tyrkiske nomadar frå 1153 til 1156 og døydde året etter.
Trass i fleire forsøk på å ei samling i hundreåra etter Malik Shah sin død, hindra krosstoga dei frå å gjenskape det tidlegare imperiet sitt. Ei kort stund var Toğrül III sultan for alle seldsjukkane bortsett frå Anatolia. I 1194 sigra Ala ad-Din Tekish, sjahen av Khwarezmid-imperiet over Toğrül og seldsjukkane kollapsa. Av det tidlegare store seldsjukkimperiet, var berre sultanatet Rüm i Anatolia igjen. Då dynastiet gjekk nedover i midten av 1200-talet, invaderte mongolane Anatolia i 1260-åra og delte det i små emirat som vart kalla dei anatoliske beylikane, som seinare vart erobra av osmanarabe.
Sultanar i Seldsjukkarriket 1037–1157
[endre | endre wikiteksten]År | Sjah |
1037–1063 | Toğrül bin Mikail (Tughril Beg) |
1063–1072 | Alp Arslan bin Chaghri |
1072–1092 | Jalal ad-Dawlah Malik Shah I |
1092–1094 | Nasir ad-Din Mahmud I |
1094–1105 | Rukn ad-Din Barkiyaruq |
1105 | Mu'izz ad-Din Malik Shah II |
1105–1118 | Ghiyath ad-Din Mehmed I Tapar (Muhammed) |
1097–1157 | Mu'izz ad-Din Ahmed Sanjar |
1118–1131 | Mahmud II |
1131–1132 | Dawud (David) |
1132–1134 | Toğrül II (Tughril Beg) |
1134–1152 | Mas'ud |
1152–1153 | Malik Shah III |
1153–1160 | Mehmed II (Muhammed II) |
1160–1161 | Süleiman (Sulaiman Shah) |
1161–1176 | Arslan Shah |
1176–1194 | Toğrül III (Tughril Beg III) |
Seldsjukkherskarar i Kerman 1041–1187
[endre | endre wikiteksten]Kerman var ein nasjon i det sørlege Persia. Det fall i 1187, truleg erobra av Toğrül III av Stor Seldsjuk.
- Qawurd 1041–1073
- Kerman Shah 1073–1074
- Sultan Shah 1074–1075
- Hussain Omar 1075–1084
- Turan Shah I 1084–1096
- Iran Shah 1096–1101
- Arslan Shah I 1101–1142
- Mehmed I (Muhammad) 1142–1156
- Toğrül Shah 1156–1169
- Bahram Shah 1169–1174
- Arslan Shah II 1174–1176
- Turan Shah II 1176–1183
- Mehmed II (Muhammad) 1183–1187
Seldsjukkherskarar i Syria 1076–1117
[endre | endre wikiteksten]- Abu Sa'id Taj ad-Dawla Tutush I 1085–1086
- Jalal ad-Dawlah Malik Shah I av Stor Seljuk 1086–1087
- Qasim ad-Dawla Abu Said Aq Sunqur al-Hajib 1087–1094
- Abu Sa'id Taj ad-Dawla Tutush I (andre gong) 1094–1095
- Fakhr al-Mulk Radwan 1095–1113
- Tadj ad-Dawla Alp Arslan al-Akhras 1113–1114
- Sultan Shah 1114–1123
- Aziz ibn Abaaq al-Khwarazmi 1076–1079
- Abu Sa'id Taj ad-Dawla Tutush I 1079–1095
- Abu Nasr Shams al-Muluk Duqaq 1095–1104
- Tutush II 1104
- Muhi ad-Din Baqtash 1104
- Kutalmish 1060–1077
- Süleyman Ibn Kutalmish (Suleiman) 1077–1086
- Dawud Kilij Arslan I 1092–1107
- Malik Shah 1107–1116
- Rukn ad-Din Mas'ud 1116–1156
- Izz ad-Din Kilij Arslan II 1156–1192
- Ghiyath ad-Din Kay Khusrau I 1192–1196
- Süleyman II (Suleiman) 1196–1204
- Kilij Arslan III 1204–1205
- Ghiyath ad-Din Kay Khusrau I (andre gong) 1205–1211
- Izz ad-Din Kay Ka'us I 1211–1220
- Ala ad-Din Kay Qubadh I 1220–1237
- Ghiyath ad-Din Kay Khusrau II 1237–1246
- Izz ad-Din Kay Ka'us II 1246–1260
- Rukn ad-Din Kilij Arslan IV 1248–1265
- Ala ad-Din Kay Qubadh II 1249–1257
- Ghiyath ad-Din Kay Khusrau II (andre gong) 1257–1259
- Ghiyath ad-Din Kay Khusrau III 1265–1282
- Ghiyath ad-Din Mas'ud II 1282–1284
- Ala ad-Din Kay Qubadh III 1284
- Ghiyath ad-Din Mas'ud II (andre gong) 1284–1293
- Ala ad-Din Kay Qubadh III (andre gong) 1293–1294
- Ghiyath ad-Din Mas'ud II (tredje gong) 1294–1301
- Ala ad-Din Kay Qubadh III (tredje gong) 1301–1303
- Ghiyath ad-Din Mas'ud II (fjerde gong) 1303–1307
- Ghiyath ad-Din Mas'ud III 1307
Kunst
[endre | endre wikiteksten]-
Toghrültårnet, eit monument frå 1200-talet til minne om Toghrül sør for Tehran.
-
Kunst frå seldsjukktida: Mugge frå Iran frå 1180-1210. Messing innlagt med sølv og bitumen. NY Metropolitan Museum.
-
Kharraqantårna, bygd i 1053 i Iran er gravstaden til ei seldsjukkprinsesse.
-
Shatranjsjakkbrett frå 1200-talet i Iran. New York Metropolitan Museum of Art.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Seldsjukkene» frå Wikipedia på bokmål, den 4. januar 2008.