Hopp til innhald

Saura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Saura er ei bygd på søraustsida av Handnesøya i Nesna kommune. På staden er det butikk og kai. Butikken Vika Handel BA er eit andelslag som folk på Handnesøya eig. Også Handnesøya kapell ligg på Saura. Postnummeret er 8724 Saura.

Frå 1500-talet var det handelshus med gjestgjeveri og jektefart på staden. Perioden 1856-1904 heldt sorenskrivaren for Nord-Helgeland til på Saura, den store rettsbygninga, nybygd i 1880-åra, står framleis. Før Handnesøya fekk ferjesamband hadde Saura, 64 km sjøveg vest-sørvest for Mo i Rana, anløp av rutebåt i lokalfart.

  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960