Sargodha
Sargodha سرگودها | |||
by | |||
Biblioteket ved Universitetet i Sargodha
| |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Region | Panjab | ||
Areal | 155 km² | ||
Folketal | 455 400 (1998[1]) | ||
Sargodha 32°05′01″N 72°40′16″E / 32.083611111111°N 72.671111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Sargodha |
Sargodha er ein by i Panjab i Pakistan. Han har kring 455 400 innbyggjarar (1998).[1] Sargodha er den 11. største byen i Pakistan,[2] og ein av dei som veks raskast.[3]
Sargodha ligg om lag 20 mil nordvest for Lahore.[1] Elva Jhelum renn vest og sør for Sargodha, medan Chenab renn aust for byen. [4]
Staden har vore folkesett i lang tid, men den noverande byen blei grunnlagd av dei britiske kolonistyresmaktene i 1903.[5] Han er ein av ein handfull planlagde byar i Pakistan.[6]
Byen er eit samferdselsknutepunkt og ein handelsby i eit større jordbruksområde. Det finst også industri her med grunnlag i jordbruket, som handsaming av sukker, korn, olje og tekstilar.[1]
Sargodha har eit universitet.[1] skipa i 2002, og fleire høgskular. Det ligg ein militær flybase her, PAF Base Mushaf, som er den største i landet. Basen blei opphavleg skipa av britiske Royal Air Force på grunn av den strategiske plasseringa.[7] Den sentrale luftkommandoen til det pakistanske luftforsvaret har hovudkvarter her. Basen har også skule for kamppilotar.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Sargodha», Store norske leksikon, 15. februar 2009
- ↑ «Population size and growth of major cities» (PDF). Pakistan Bureau of Statistics. 1998.
- ↑ «Commercial Real Estate Property in Sargodha Pakistan - Ghar47». Ghar47. Henta 12 March 2016.
- ↑ «District at Glance». sargodha.gop.pk. Arkivert frå originalen 26. juni 2015. Henta 5. mai 2016.
- ↑ «TDCP (Tourism Development Corporation of Punjab) > Explore Pakistan > About Punjab > Major Cities > Sargodha». tdcp.gop.pk.
- ↑ 6,0 6,1 «About Sargodha». glowpakistan.com.
- ↑ «District Website». lhc.gov.pk.
- Denne artikkelen bygger på «Sargodha» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2016.