Sanking
Sanking er ein måte å skaffa seg noko ein treng frå naturen. I tidlegare tider var det ei viktig matkjelde.
I skogen
[endre | endre wikiteksten]I skogen vert det sanka bær og sopp. I Noreg er blåbær og tyttebær dei viktigaste sortane. Tradisjonelt har det vore kvinnfolkarbeid å plukka bær. Sopp har ikkje vor så viktig i dei nordiske landa som lenger sør i Europa. I nokre land, som Italia, sankar ein òg trøflar.
På fjellet
[endre | endre wikiteksten]På fjellet har det vore sanka molter, som i tidlegare tider var eit kjærkome tilskot ut på seinsumaren. Spesielt i Finnmark har molteplukking vore viktig.
I fjæra
[endre | endre wikiteksten]I fjæra har det vore sanka tang og tare, men òg skaldyr som østers og knivskjel. Sanking av skaldyr er framleis viktig i mange land, men i Europa har ein for det meste gått over til oppdrett av østers og andre typar skaldyr.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Jakt og sanking, ein levemåte blant mange ulike folkegrupper
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |