Sandefjord tingrett
59°8′8.4228″N 10°13′33.589″E / 59.135673000°N 10.22599694°E
Sandefjord tingrett er ein førsteinstansdomstol under Agder lagdømme. Han ligg i Sandefjord i Vestfold og domssoknet omfattar Sandefjord kommune. Domstolen består av éin sorenskrivar, éin dommar og to dommarfullmektigar.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Sandefjord fekk kjøpstadrettar i 1845 og samstundes blei eit felles byfutembete for byene Larvik og Sandefjord oppretta. I 1858 fekk dei to byane kvar sin byfut, men i 1936 blei Sandefjord byfut avskipa. I staden blei Sandefjord heradsrett oppretta, med eit domssokn som femna om Sandefjord by og heradskommunane Sandar og Andebu som til då hade lege under høvesvis Larvik heradsrett og Mellom-Jarlsberg heradsrett. I 1952 blei Andebu frådelt og lagt til Jarlsberg heradsrett.
Sandar heradskommune blei lagd Sandefjord bykommune i 1968 og same år blei nemninga byfut teke tilbake, for å på ny endrast til heradsrett 1988. Sandefjord tingrett blei endeleg namnet frå 2002.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sandefjord tingrett Arkivert 2014-01-02 ved Wayback Machine.