Sandal
Utsjånad
Sandalar er ei form for skoty der reimer festar solen til foten. Stundom vert også ordet sandal nytta om andre lette og luftige sko.
Sandalar er vanlege i store delar av verda, særleg der klimaet er varmt og tørt.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Ordet sandal har kome til norsk og dansk frå tysk som har det frå det latinske sandalium, som igjen har henta ordet frå gresk der det har asiatisk opphav.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Sandalar med solar og reimer er mellom de eldste typane fottøy vi kjenner til. Biletgalleriet syner sandalar av ulike typar flettverk, av skinn og lær og med tresole.
-
Barnesandalar av papyrus frå det 18. dynastiet i Det gamle Egypt
-
Strekteikninger av ulike typar sandalliknande fotty frå antikken
-
Restane etter ein romersk sandal (solea) frå ca. år 200, funnen i Mainz i Tyskland
-
Sandalar fletta av esparto-gras og tauverk, funne i ei grotte i Andalusia i Spania og daterte til 400-talet f. Kr.
-
Sandal fletta av yucca (palmelilje), funne i New Mexico i USA og datert til 1200-talet
-
Sandal frå Inkariket på 1400-talet ved kysten av dagens Sør-Peru
-
Rekonstruksjon av ein mjuk sandalliknande skinnsko frå 100-talet, funne i ei myr ved Hannover i Tyskland
-
Pontifikalsandalar frå et sveitsisk kloster tidleg på 1500-talet
-
Waraji, tradisjonelle stråsandalar frå Japan
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sandal» frå Wikipedia på bokmål, den 2. april 2013.