San Bernardino-passet
San Bernardino-passet er ein fjellovergang i kantonen Graubünden i Sveits. Vegen over fjellet knyter saman dalane Rheinwald og Val Mesolcina. Frå passhøgda er det i luftlinje fire kilometer til Hinterrhein i nord og 12 km til Mesocco i sør. Passhøgda på 2 065 meter over havet ligg på vasskiljet mellom Nordsjøen og Middelhavet, og samsvarar med språkskiljet mellom tysk og italiensk.
Vegen over San Bernardino-passet er vinterstengd frå desember til april.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Fjellovergangen har minst vore i bruk sidan romartida. Fjellovergangen vart mykje viktigare etter ein på 1400-talet hadde bygt ut Via Mala mellom Hinterrheindalen og Rhindalen. Ruta over San Bernardino-passet vart då eit attraktivt alternativ til fjellovergangane lenger aust, som Settimo- og Julierpasset. Sjølv om vegen vart mura med steinblokker, var han lenge farbar einast med pakkdyr. Første kjerrevegen stod ferdig i 1770, medan dagens fjellveg vart bygt frå 1818 til 1823. I 1967 vart den 6,6 km lange San Bernardino-tunnelen under passet opna. Europaveg 43 går gjennom tunnelen, som vart utbetra i 2006.
San Bernardino-passet er oppkalla etter den italienske helgenen 'Bernadin av Siena'.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «San Bernardino-passet» frå Wikipedia på bokmål, den 14. februar 2012.