Hopp til innhald

Samuel C.C. Ting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Samuel C. C. Ting)
Samuel Chao Chung Ting

Fødd27. januar 1936 (88 år)
Ann Arbor i Michigan i USA
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarMassachusetts Institute of Technology
Columbia University
CERN
Alma materUniversity of Michigan
DoktorgradsrettleiarL.W. Jones
M.L. Perl
Kjend forOppdaginga av J/ψ partikkel
EktefelleKay Kuhne, Susan Carol Marks
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
National Academy of Sciences
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det ungarske vitskapsakademiet
Det kinesiske vitenskapsakademi
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Academia Sinica
American Physical Society
Committee of 100
Vitenskapsakademiet for utviklingsland

Samuel Chao Chung Ting (fødd 27. januar 1936) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 1976 saman med fysikaren Burton Richter, for oppdaginga deira av den subatomære J / ψ partikkelen. Han var blant dei sentrale forskarane for det internasjonale Alpha Magnetic Spectrometer-prosjektet som vart installert på den internasjonale romstasjonen i løpet av 2011.

Samuel Ting vart fødd i Ann Arbor i Michigan. Foreldra hans, Kuan-hai Ting (丁觀海) og Tsun-ying Jeanne Wang (王雋英), hadde truffe kvarandre og gifta seg medan dei studerte ved University of Michigan. Dei var opphavleg frå Rizhao i Shandong i Kina.[1] Foreldra reiste tilbake til heimlandet rundt to månader etter at Samuel vart fødd på grunn av den japanske invasjonen. Han vart stort sett undervist heime av foreldra sine. Etter andre verdskrigen vart foreldra hans professorar i ingeniørvitskap og psykologi ved National Taiwan University i Taipei i Taiwan.

Frå 1948 deltok Samuel på den prestisjetunge Provincial Chien-Kuo High School (建国 中学, no kalla Municipal Taipei Chien-Kuo Senior High School) som ligg i Taipei. Etter endt High School studerte han éit år ved National Cheng Kung University i Tainan.

I 1956 vart Samuel invitert til å studere ved University of Michigan i USA. Der studerte han ingeniørfag, matematikk og fysikk. I 1959 vart han tildelt ein BAD i både matematikk og fysikk, og i 1962 tok han ein doktorgrad innan fysikk. I 1963 arbeidde han ved den europeiske organisasjonen for kjernefysisk forsking, som seinare skulle bli til CERN. Frå 1965 underviste han som professor ved Columbia University, og han arbeidde ved Deutsches Elektronen-Synchrotron (DESY) i Tyskland. Sidan 1969 har han vore professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Han er òg medlem av det amerikanske National Academy of Sciences i Det kinesiske vitskapsakademiet og ved Taiwans Academia Sinica.

I 1976 vart han tildelt Nobelprisen i fysikk, som han delte med Burton Richter ved Stanford Linear Accelerator Center for oppdaginga deira av den kjernefysiske partikkelen J / ψ meson. Som Nobelkomiteen uttalte, fortente dei prisen «for deira banebrytande arbeid i oppdaginga av ein tung elementærpartikkel av ein heilt ny type». Funnet av denne partikkelen vart gjort i 1974 då Ting var leiar for eit forskarteam ved Brookhaven National Laboratory som utforska nye regime med høg energi innan partikkelfysikk.

  1. Ng, Franklin (1995). The Asian American encyclopedia. Marshall Cavendish. s. 1, 490. ISBN 978-1-85435-684-0.