Hopp til innhald

Samliv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samliv krev samarbeid. Her eit par i Tasjkent.
Foto: Sigismund von Dobschütz

Samliv viser til at to eller fleire personar lever saman, til forskjell frå å leva som einsleg. Som regel tenker ein på par som lever i fellesskap basert på kjærleik og ekteskap eller sambuarskap når ein snakkar om samliv.

For å få til eit samliv må partane ha nokolunde like forventingar til kva kvar av dei skal bidra med og få ut av samlivet, og kva reglar som gjeld med omsyn til arbeidsfordeling, økonomi, kommunikasjon, tid saman og liknande. Ofte baserer ein samliv på rollemodellar ein har opplevd tidlegare, til dømes foreldre. Fleire organisasjonar held også kurs i det å leva saman.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]