Samir Qasir
Samir Qasir | |
Verkeleg namn | سمير قصير |
Statsborgarskap | Libanon |
Fødd | 5. mai 1960 Ashrafieh |
Død | |
Yrke | politikar, journalist, skribent, universitetslærar, historikar |
Organisasjon | Université Saint-Joseph |
Politisk parti | Democratic Left Movement |
Religion | Den ortodokse kirke i Antiokia |
Ektefelle | Giselle Khoury |
Prisar | Index Award |
Samir Qasir på Commons |
Samir Qasir, òg skrive Samir Kassir (5. mai 1960–2. juni 2005), var ein libanesisk-fødd lærar og journalist av kristen bakgrunn. Han underviste ved Universitetet i Paris I: Panthéon-Sorbonne og ved St. Josefsuniversitetet i Beirut. I den libanesiske avisa al-Nahar, der han var førstesidespaltist, såvel som i ymse europeiske media, tala han sterkt for demokrati i Libanon, og han var ein vidkjend kritikar av Syria si rolle i Libanon. Som ein av grunnleggjarane av den demokratiske venstrerørsla i Libanon spela han ei viktig rolle under dei anti-syriske demonstrasjonane etter mordet på tidlegare statsminister Rafiq Hariri. I tillegg gjekk han inn for at dei syriske troppane måtte trekkje seg ut av Libanon.
Samir Qasir vart snikmyrda av ukjende personar med hjelp av ei bilbombe ved heimen sin i den hovudsakleg kristne bydelen Ashrafiyeh i Beirut den 2. juni 2005, få dagar etter det libaneiske valet.[1][2] Sidan han hadde fått ei rekkje trugsmål frå libanesiske og syriske etterretningsoffiserar, meinte mange libanesarar at mordarane hans kom frå det libanesisk-syriske tryggleiksapparatet eller restar etter denne organisasjonen.[3]
Verk
[endre | endre wikiteksten]- 2003: Histoire de Beyrouth
- 2004: Considérations sur le malheur arabe
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Chronology Of Events: 2005». Mediterranean Politics 11 (2): 279–308. 2006. doi:10.1080/13629390600683048.
- ↑ «Beirut Blast Kills Anti-Syrian Journalist». Asharq Alawsat (Beirut). Associated Press. 2. juni 2005. Arkivert frå originalen 29. mars 2020. Henta 23. Aapril 2013.
- ↑ Independent 3 June 2005 Syria's troops have gone. So who killed Samir, Lebanon's fearless Robert Fisk
- Denne artikkelen bygger på «Samir Qasir» frå Wikipedia på engelsk, og «Samir Qasir» frå Wikipedia på tysk den 5. juni 2005.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Samir Kassir: Profiles» Arkivert 2005-05-07 ved Wayback Machine.
- Daily Telegraph: «Anti-Syria journalist killed by car bomb»[daud lenkje]
- BBC News: «Anti-Syria writer slain in Beirut»
- BBC News: «Hundreds mourn Beirut journalist»