Salma
Salma | |||
سلمى | |||
landsby | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Latakia guvernement | ||
Distrikt | Al-Haffah-distriktet | ||
Nahiyah | Slinfah | ||
Koordinatar | 35°41′24″N 36°8′12″E / 35.69500°N 36.13667°E | ||
Folketal | 2 131 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC 2) | ||
Kart som viser Salma.
| |||
Wikimedia Commons: Salma (given name) |
Salma (arabisk سلمى) er ein landsby nordvest i Syria i Latakia guvernement, nordaust for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Mashqita og Ayn al-Bayda i vest, al-Haffah i sørvest, Aramo og Slinfah 12 kilometer mot sør, og Kinsabba i nord. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Salma eit folketal på 2 131 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar, sjølv om kring 80 % av Latakia-distriktet er busett av alawittar.[2]
Salma er kjend for det tørre klimaet og mykje reint vatn. Han ligg kring 800 meter over havet.[3] Før baathistane tok over i Syria i 1960-åra, var Salma ein av få stader i kystfjella som hadde elektrisk straum.[4]
Under den syriske borgarkrigen, flykta dei fleste av innbyggjarane frå Salma, som kom under opprørarane sin kontroll i desember 2012. Han låg så langs frontlinja mellom kampane i Latakia guvernement mellom opprørarane og dei statlege styrkane.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Salma» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Balanche, Fabrice (2006). La région alaouite et le pouvoir syrien (på fransk). Karthala Editions. ISBN 2845868189.
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
- ↑ Balanche, 2006, s. 60.
- ↑ Guide Arabe Pour Le Commerce, L'industrie & Les Professions Libérales Dans Les Pays Arabes. (1972). Page 12.
- ↑ Balanche, 2006, s. 88.
- ↑ Sherlock, Ruth. Syrian rebels cut off Bashar al-Assad’s escape route. The Daily Telegraph. 2012-12-17.