Hopp til innhald

Sørgeorgiapiplerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørgeorgiapiplerke
Sørgeorgiapiplerke Foto: Ben Phalan, British Antarctic survey
Sørgeorgiapiplerke
Foto: Ben Phalan, British Antarctic survey
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Anthus
Art: Sørgeorgiapiplerke A. antarcticus
Vitskapleg namn
Anthus antarcticus

Sørgeorgiapiplerke (Anthus antarcticus) er ein art i erlefamilien Motacillidae. Denne piplerka er endemisk for Sør-Georgia og næraste øyar, kor populasjonen er anslått til mellom 3000 og 4000 par. Dette er einaste medlemmen av sporvefuglar på øygruppa Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane og i heile Antarktis-regionen. Dette er òg ein av dei få ikkje-marine fugleartane som lever i regionen.

Sørgeorgiapiplerke hekkarBirdøya og andre rottefrie småøyar og holmar ved Sør-Georgia og på område på hovudøya som er isolerte av isbrear.

Sørgeorgiapiplerke beitar på insekt og edderkoppar om sommaren, elles på insekt og krepsdyr i fjæra.

Arten har vore trua av introduksjon av rotter på øyane, og dessutan av miljøskadar som mennesket sjølv er opphav til.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sørgeorgiapiplerke