Søren H. H. Larsen
Søren H. H. Larsen | |||
Fødd | 9. juni 1920 | ||
---|---|---|---|
Død | 30. august 1997 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | fysikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo University of Chicago National Center for Atmospheric Research Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo University of Oxford |
Søren H. H. Larsen (1920–1997) var ein norsk fysikar. Han tok militærutdanning i Sverige i 1944 og deltok i militæroperasjonar i Finnmark i 1945. I 1950 tok han cand.real. ved Universitetet i Oslo og doktorgraden tok han i 1958 ved Universitetet i Oxford med Gordon Dobson som vegleiar. Frå 1955 var han amanuensis ved Nordlysobservatoriet i Tromsø. Frå 1959 til 1962 var han lektor ved universitet i Oslo, så ved University of Chicago fram til 1963, før han i 1963-1964 var forskar ved NCAR Boulder. Han reiste attende til Universitetet i 1964 der han var lektor fram til 1987, før han vart seniorforskar ved NAVF fram til 1990.
Han var ein pioner innan arbeidet med stratosfærisk ozon. I 1950 og 1951 utførte han ozonmålingar i Longyearbyen på Svalbard. Dette var dei første ozonmålingane frå ein høgarktisk stasjon. Desse målingane var viktige for Dobson då han starta ozon-målingane i Antarktis i 1956.
Målingane hans frå norske stasjonar er nokre av dei lengste måleseriane i verda av ozon.
Frå 1970 til 1976 var han medlem av Den internasjonale ozonkommisjonen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Søren H. H. Larsen». Store norske leksikon. 19. februar 2012.
- Thormod Henriksen, Solstråling, Gyldendal, 2002 ISBN 82-05-30406-8