Hopp til innhald

Riksveg 7

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rv7)
Riksveg 7
Stamveg 7 logo
Strekning
GranvinHønefoss
Riksveg 7
Informasjon
Lengd 387,6
Status riksveg
nasjonal turistveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Riksveg 7 Riksveg 7 Riksveg 7 Riksveg 7
Restriksjonar
Kolonnekjøring
om vinteren
Hardangervidda

Riksveg 7 (Rv7) er ein riksveg som går mellom Hønefoss i Ringerike kommune og Brimnes i Eidfjord kommune, gjennom Hallingdal og over Hardangervidda. Vegen er ein av hovudvegane mellom Austlandet og Vestlandet.

Før 1. januar 2010 var vegen stamveg mellom Hønefoss og Gol, Fylkesveg 7 var også del av vegen og Riksveg 7 gjekk tidlegare mellom Trengereid i Bergen kommune til Hønefoss.

Vegforklaringar

[endre | endre wikiteksten]

Strekninga mellom Hønefoss og Sokna på Ringerike (ca. 25 km) blir kalla Soknedalsvegen, medan strekninga frå Sokna til Geilo blir kalla Hallingdalsvegen. Begge strekningane har høg biltettleik (spesielt i helger og høgtider) og er svært ulukkestyngde.

Vegen tek av frå E16 ved Sørum i Heradsbygda i Ringerike kommune og går gjennom Soknedalen til Sokna på Ringerike (Soknedalsveien), og vidare over til Hamremoen og opp langs heile austsida av Krøderen til Gulsvik og vidare opp Hallingdal gjennom Flå, Nesbyen, Gol, Torpo, Ål, Hagafoss og til Geilo (Hallingdalsvegen). Derfrå går vegen over Hardangervidda via Ustaoset og Haugastøl, og passerer Vøringsfossen på veg ned Måbødalen til kommunesenteret Eidfjord i Eidfjord kommune og vidare langs Eidfjorden til Brimnes ferjekai der det går ferje til Bruravik.

Strekninga mellom HalneHardangervidda og Steinsdalsfossen i Kvam herad er nasjonal turistveg og ligg i Hardanger. Sjå også Fylkesveg 7.

Eidfjord, Måbødalen og Hardangervidda

[endre | endre wikiteksten]

Den første vegen langs Eidfjordvatnet mellom Vik (Eidfjord) og Sæbø i Eidfjord kommune var ferdig i 1891. Som del av vegen var en 25 meter lang tunnel og en 90 meter lang halvtunnel. Tunnelen vert hevda å vere Noregs fyrste vegtunnel, og eksisterer framleis. I 1906 var køyrevegen ferdig til garden Måbø nedst i Måbødalen og i 1916 til Fossatromma øvst i dalen. Fossli hotell (teke i bruk 1887), som ligg på platået over Måbødalen, fekk køyreveg i 1921. I 1928 vart vegen opna til Haugastøl og i 1943 til Geilo.

Ny veg i Måbødalen, med fire tunnelar, vart opna i 1986.[1]

Den gamle vegen gjennom Måbødalen er foreslegen verna i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner.[2]

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Brimnes ferjekai sett frå M/F «Melderskin»
Riksveg 7 passerer Vøringsfossen ved kanten av Hardangervidda.
Riksveg 7 ved Halnefjorden på Hardangervidda.
Haugastøl
Ustaoset
Rotneim i Gol
Granvin
Ulvik
Eidfjord
Hol

Rv7
Ustedalen

Lienvegen
Rv7

Ål
  • Fv246 frå Sundre til Holu
  • Fv245 frå Ål til Ål stasjon (0,4 km)
  • Fv244 frå Gullhagen til Rødungstølen (24,4 km)
  • Fv242 frå Torpo vest til Barskrind (6,8 km)
  • Torpo
  • Fv240 frå Torpo aust til Grandokken (6,3 km)
Gol
  • Fv223 frå Rotneim til Riksveg 7 Spildra
  • Riksveg 7 frå Klemma til Riksveg 7 Borlaug i Lærdal
  • bru Hemsil vest (ca. 30 m)
  • bru Hemsil aust (ca. 35 m)
  • Gol
  • Fv222 frå Gol sør til Gol stasjon (0,7 km)

Heradvegen

Nes i Buskerud
Nesbyen

Rv7

Flå
Hallingporten tunnel ved Gulsvik.
Krødsherad
Ringerike

Hallingdalsvegen

Riksveg 7 langs Krøderen mellom Ørgenvika og Veikåker, sett frå Norefjell.
  • Planlagd ny vei Sokna - Ørgenvika, 17 km lang, 20 km innkorting. Opnar omtrent 2015. Arbeidet tok til hausten 2011, 17 km lang, 20 km innkorting, den nye traseen går til dels parallelt med Bergensbanens trase, kostnad om lag 1,56 miliardar kroner, 52 % bompengefinansiert. Opnar før sommarferien 2014.[3]
Sokna

Soknedalsvegen

  • Planlagd ny veg Ramsrud - Kjeldsbergsvingene, 5 km lang. Opnar omtrent 2011.
  • Rundkøyring Riksveg 7 Soknedalsveien
  • Artikkelen byggjer på «Riksvei 7» henta frå Wikipedia på bokmål 5. januar 2010. Der vart desse referansane gjevne:

    1. trolltoget.no: Ferdsel og vegbygging i Måbødalen gjennom tidene, arkivert frå originalen 9. september 2007, henta 5. januar 2010 
    2. Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine. (se avsnitt om Måbødalen og Tokagjelet)
    3. http://www.vegvesen.no/Riksveg/Sokna lese på nett 26.11.12

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]