Rusty Young
Utsjånad
Rusty Young | |||
| |||
Fødd | 23. februar 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Long Beach | ||
Død | 14. april 2021 (75 år) | ||
Fødenamn | Norman Russell Young | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1968–2021 | ||
Sjanger | countryrock | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | vokalist, komponist, gitarist |
Norman Russell «Rusty» Young (23. februar 1946–14. april 2021) var ein USA-amerikansk gitarist, vokalist og låtskrivar, mest kjend som ein av frontmennene i countryrockbandet Poco.
Young var ein virtuos pedalsteelgitarist og han er særleg kjend for å få til ein Hammond B3-orgellyd ut av instrumentet ved å spele det gjennom ein Lesliehøgtalar. Han var òg nyskapande av andre rockelydar frå instrumentet.[1][2]
Young var med å skipe Poco i 1968 i lag med Richie Furay og Jim Messina, etter dei hadde brukt han på balladen «Kind Woman» på det siste albumet til Buffalo Springfield, Last Time Around. Young var det einaste medlemmet som har spelt med Poco heile vegen frå 1968 og fram til 2021.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rusty Young» frå Wikipedia på engelsk, den 11. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Poco - Poco | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. 6. mai 1970. Henta 11. oktober 2020.
- ↑ Gressel, Janine. «Poco Plays Pretty Music at Eagles, 3. juli 1969». Seattle Times.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Interview with Rusty Young on Yuzu Melodies Arkivert 2013-11-02 ved Wayback Machine.