Hopp til innhald

Romeo and Juliet av Dire Straits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romeo and Juliet
Singel av Dire Straits
frå albumet Making Movies
B-side

Solid Rock

Språk engelsk
Utgjeve 9. januar 1981
Innspelt 20. juni til 25. august 1980
Sjanger Rock
Lengd 6:01
Selskap Vertigo
Tekstforfattar Mark Knopfler
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent Mark Knopfler/Jimmy Iovine
Dire Straits-kronologi 
«Lady Writer»
(1979)
Romeo and Juliet «Skateaway»
(1981)


«Romeo and Juliet» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits, skriven av Mark Knopfler.[1] Han kom først ut i 1980 på albumet Making Movies og vart gjeven ut som singel i 1981.[2] Journalisten Dan Bolles har kalla songen ein «klassikar».[3] Songen vart sidan gjeven ut på konsertalbuma Alchemy og On the Night, og seinare på Knopfler sitt konsertalbum med Emmylou Harris, Real Live Roadrunning (sjølv om Harris ikkje spelar på sporet). Songen vart òg gjeven ut på samlealbuma Money for Nothing, Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits og The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations.

Teksten skildrar to kjærastar, og hintar om at «Juliet» forlét «Romeo» etter å ha blitt kjendis og flytta frå eit hardt nabolag, der dei først møtte kvarandre. I tillegg til å referere til William Shakespeare-skodespelet med same namn, refererer songen til andre verk om ung kjærleik song, inkludert songane «Somewhere» – frå West Side Story, som igjen er basert på Shakespear-skodespelet - og «My Boyfriend's Back». Den originale songen er blitt nytta i fleire filmar, som Hot Fuzz, Empire Records og Can't Hardly Wait.

Songen opnar med ein arpeggio spelt på resonatorgitar av Knopfler, som òg syng solovokalen. Melodien i opninga av songen minnar om Bruce Springsteen sin «Jungleland» (begge innspelingane har med E Street Band-pianisten Roy Bittan). Instrumenteringa er enkel gjennom versa og vert eit fullt rockearrangement i refrenga.

Sjølve songen, skriven av Knopfler, var inspirert av eit mislukka forhold med Holly Vincent, frontsongaren i det kortvarige bandet Holly and the Italians. Songen omhandlar ein Romeo som framleis er særs glad i sin Juliet, men ho ho behandlar han no som «just another one of [her] deals». Knopfler har sagt og implisert at han meiner Vincent berre nytta han til å kome seg sjølv fram i karrieren sin. Linja «Now you just say, oh Romeo, yeah, you know I used to have a scene with him», referer til eit intervju med Vincent, der ho seier «Det som skjedde var at eg hadde ein episode med Mark Knopfler og kom til eit punkt der han ikkje kunne takle det og me gjekk frå kvarandre».

And a lovestruck Romeo, he sings the streetside serenade
Laying everybody low with a love song that he made
Finds a convenient streetlight, steps out of the shade
He says something like, You and me, babe, how about it?

Mark Knopfler (1980)

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Songen har blitt ein klassisk kjærleikssong som mange artistar har spelt inn. Indigo Girls spelte inn songen i ei soloutgåve av Amy Ray på albumet Rites of Passage.

Songen vart framført av den australske musikaren Lisa Mitchell for den australske radiostasjonen Triple J i 2009. Han vart òg gjeven ut på albumet Like a Version Volume 5 i 2009.

Han vart spelt av The Killers i 2007 og spelt live i Abbey Road Studios for Channel 4-showet Live from Abbey Road og gjeven ut som B-side på «For Reasons Unknown» og på samleplata Sawdust.

Matt Nathanson spelte songen på albumet Live at the Point.

Edwin McCain spelte songen på The Austin Sessions.

Michael Stanley spelte songen på albumet The Hang i 2012.

Adam Martin song songen på The Voice Australia.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar

  1. Discogs Ref 474873
  2. Khurana, Suanshu (17 May 2009). «Love-struck Romeo». The Indian Express. Henta 19. oktober 2014. 
  3. Bolles, Dan (17 April 2013). «The Phineas Gage Project, Three Phorm Live». Seven Days. Henta 19. oktober 2014.