Roger Nilsen
Utsjånad
Roger Nilsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. august 1969 (55 år) Tromsø |
Yrke | fotballspelar, fotballtrenar |
Høgd | 175 centimeter |
Roger Nilsen på Commons |
Roger Nilsen (fødd 8. august 1969 i Tromsø) er ein norsk tidlegare fotballspelar fotballspelar frå Tromsø. Han har spela på det norske herrelandslaget i fotball].
Nilsen er mest kjend frå tida i engelsk fotball, der han i mange år spela for Sheffield United. Han har òg spela i Tromsø IL, Viking FK, FC Köln (utlån), Tottenham Hotspur FC, Grazer AK, Molde FK og Bryne. For tida er han assistenttrenar i Viking FK.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Roger Nilsen deltok 1990-2000 i 32 landskampar for Noreg, skåra 3 mål. Han var med i Noregs tropp til Fotball-VM 1994, benkeslitar alle tre kampane. Steinar Nilsen er bror hans. Ei stund spelte dei i lag på landslaget.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister: 1991 med Viking FK
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Roger Nilsen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2024.