Robinson Crusoe
Utsjånad
Robinson Crusoe (engelsk The Life & Strange Surprising Adventures of Robinson Crusoe, of York, Mariner) er ein roman av den engelske forfattaren Daniel Defoe som kom ut første gong i 1719. Boka handlar om ein skipbroten mann som må klara seg åleine på ei aude øy. Boka blei særs populær, og gav namnet robinsonade til forteljingar om menneske som hamnar på aude øyar.
Robinson Crusoe var inspirert av verkelege hendingar om skipbrotne. Den mest kjende, som truleg var utgangspunktet til Defoe, var sjømannen Alexander Selkirk som klarte seg åleine i fire år på øya Más a Tierra i Juan Fernández-øyane utanfor kysten av Chile. Denne øya er seinare blitt kalla Robinson Crusoe-øya.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Robinson Crusoe» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mars 2012.