Robin Trower
Robin Trower | |||
Trower i 2009 | |||
Fødd | 9. mars 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Catford | ||
Fødenamn | Robin Leonard Trower | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1962 til i dag | ||
Sjanger | Rock, blues, blues-rock | ||
Instrument | Gitar | ||
Kjende instrument | Signature Model Stratocaster | ||
Tilknytte artistar | Procol Harum, The Paramounts, Jack Bruce | ||
Plateselskap | Chrysalis, Atlantic | ||
Verka som | Musikar, vokalist, låtskrivar, bandleiar |
Robin Leonard Trower (fødd 9. mars 1945) er ein engelsk gitarist og vokalist som vart kjend med Procol Harum i 1960-åra og sidan som bandleiar i sin eigen powertrio.
I 1962 danna Trower gruppa som vart The Paramounts, som etter kvart fleire framtidige medlemmar i Procol Harum spelte i. The Paramounts vart oppløyst i 1966. Trower vart med i Procol Harum etter den store suksessen deira med singelen «A Whiter Shade of Pale» i 1967 og vart verande i bandet på fem album fram til 1971.
Før han starta sitt eige band, vart han med songar Frankie Miller, bassist James Dewar og tidlegare Jethro Tull-trommis Clive Bunker i det kortvarige bandet Jude.[1]
Med seg i sitt eige band beheldt Trower Dewar som bassist og tok med seg trommeslagar Reg Isidore (seinare erstatta av Bill Lordan).
Trower var ein gitarist som inspirerte andre gitarheltar som Robert Fripp[2]
Tidleg i 1980-åra slo Trower seg saman med tidlegare Cream-bassist Jack Bruce og dei tidlegare trommeslagarane sine Lordan og Isidore, for to album, BLT (Bruce, Lordan, Trower) og Truce (Trower, Bruce, Isidore).[3]
Tretten album seinare kom albumet Living Out of Time (2003), med Dave Bronze på bass, vokalist Davey Pattison (tidlegare med Ronnie Montrose sitt band Gamma) og Pete Thompson å trommer.
I 2007 spelte Trower inn eit tredje album med Jack Bruce, Seven Moons, med Gary Husband på trommer.
Han held framleis på med turnelivet.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Med Procol Harum
[endre | endre wikiteksten]- 1967 Procol Harum
- 1968 Shine on Brightly
- 1969 A Salty Dog
- 1970 Ain't Nothin' to Get Excited About (medlemmar av Procol Harum, som Liquorice John Death)
- 1970 Home
- 1971 Broken Barricades
- 1991 The Prodigal Stranger
- 1995 The Long Goodbye[3]
Med Robin Trower Band
[endre | endre wikiteksten]- 1973 Twice Removed from Yesterday - Certified Gold by RIAA
- 1974 Bridge of Sighs - Selde til gull i USA[4]
- 1975 For Earth Below - Gullplate i USA
- 1976 Robin Trower Live
- 1976 Long Misty Days - Gullplate i USA
- 1977 In City Dreams - Gullplate i USA
- 1978 Caravan to Midnight
- 1979 Victims of the Fury
- 1983 Back It Up
- 1985 Beyond the Mist
- 1987 Passion
- 1988 Take What You Need
- 1990 In the Line of Fire
- 1991 Essential Robin Trower
- 1992 Live in Concert
- 1994 20th Century Blues
- 1996 In Concert
- 1996 King Biscuit Flower Hour Presents Robin Trower
- 1997 Someday Blues
- 1999 This Was Now '74-'98
- 2000 Go My Way
- 2004 Living Out of Time
- 2005 Living Out Of Time: Live
- 2005 Another Days Blues
- 2008 [email protected]
- 2009 What Lies Beneath[5]
- 2010 The Playful Heart
- 2011 Robin Trower at The BBC 1973-1975
Med Bryan Ferry
[endre | endre wikiteksten]- 1993 Taxi (Bryan Ferry)
- 1994 Mamouna (Bryan Ferry)
- 2007 Dylanesque (Bryan Ferry)
Med Jack Bruce
[endre | endre wikiteksten]- 1981 B.L.T.
- 1981 Truce
- 1989 No Stopping Anytime (samleplate)
- 2008 Seven Moons
- 2009 Seven Moons Live (konsert)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Robin Trower» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 233. CN 5585.
- ↑ «Fripp on Trower». Procolharum.com. 19. november 1996. Henta 12. mai 2012.
- ↑ 3,0 3,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 776–777. ISBN 1-84195-017-3.
- ↑ «Recording Industry Association of America». RIAA. Arkivert frå originalen 22. februar 2021. Henta 12. mai 2012.
- ↑ Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5. utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 1005–1006. ISBN 1-84195-017-3.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- TrowerPower.com - Offisiell nettstad