Roberto Baggio
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Roberto Baggio | ||
Fødselsdato | 18. februar 1967 (57 år) | ||
Fødestad | Caldogno i Italia | ||
Høgd | 174 cm | ||
Posisjon | Spiss, offensiv midtbane | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1982-1985 | Vicenza | 36 | (13) |
1985-1990 | Fiorentina | 94 | (39) |
1990-1995 | Juventus | 141 | (178) |
1995-1997 | Milan | 51 | (12) |
1997-1998 | Bologna | 30 | (22) |
1998-2000 | Inter | 41 | (9) |
2000-2004 | Brescia | 95 | (45) |
Totalt | 488 | (216) | |
Landslag | |||
1988-2004 | Italia | 56 | (27) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Roberto Baggio (fødd 18. februar 1967) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Caldogno i provinsen Vicenza. Mellom 1988 og 2004 spela han 56 landskampar for Italia. Han var då med på å vinne VM-bronse i 1990 og VM-sølv fire år seinare. Baggio var ein angrepsspelar kjend som ein kreativ playmaker med ein finslipt teknikk og gode frispark.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Baggio debuterte i juni 1983 for Vicenza, som då spelte i Serie C. I 1985 fekk han kontrakt med Fiorentina men fekk lite speletid dei to fyrste sesongane. Gjennombrotet kom i 1988/89-sesongen. Våren 1990 var han ein sentral spelar då klubben frå Firenze tok seg til finalen i UEFA-cupen.
Straks etter UEFA-cuptapet vart han overført til Juventus. Gjennom fem sesongar var han den viktigaste spelaren i Juventus, særleg dyktig var i 1993, då han vart kåra til både Europas og verdas beste fotbalspelar. Deretter spelte han i to sesongar for AC Milan. 1997/98-sesongen skåra han 22 seriemål for Bologna. I 1998 reiste han tilbake til Milano, for to sesongar hos Inter. Han avslutta med fire sesongar for Brescia. Etter 18 sesongar i italiensk toppfotball la han opp i mai 2004.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Den 16. november 1988 spelte Baggio sin fyrste landskamp då Italia i Roma vann 1-0 over Nederland. På det italienske landslaget deltok han i tre verdsmeisterskap i fotball. I sitt første VM, som vart arrangert i heimlandet, kom Baggio inn som eit friskt pust og skåra to mål.
Under VM i fotball 1994 i USA tok Italia seg til finalen, mykje takk vere avgjerande skåringar signert Baggio. Finalen mellom Brasil og Italia enda 0-0. I den avsluttande straffeskytinga skaut Baggio langt over og utanfor det brasilianske målet på det avgjerande straffesparket, dermed hamna VM-pokalen i Brasil. I tida etter USA-VM fekk han få kampar på landslaget, fyrst under VM 1998 fekk han mykje speletid.
I 1998 deltok Baggio i sitt siste VM, og var på ny ei viktig brikke i det italienske laget. Våren 1999 spelte han han sin nest siste landskamp for Italia, den siste fekk han fem år seinare då heimelaget og Spania spelte uavgjort i ein vennskapskamp i Genova. Totalt spela Baggio 56 landskampar for Italia og skåra 27 mål. Han er den einaste italienaren som har skåra mål i tre verdsmeisterskap.
Han la opp som fotballspelar våren 2004.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM-sølv 1994
- VM-bronse 1990
- Vinnar av UEFA-cupen 1993 med Juventus
- Italiensk seriemeister 1995 med Juventus
- Italiensk seriemeister 1996 med AC Milan
- Italiensk cupmeister 1995 med Juventus
- Gullballen 1993