Hopp til innhald

Robben Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robben Island
øy
Land  Sør-Afrika
Del av Liberation Heritage Route
Kart
Robben Island
33°48′18″S 18°22′12″E / 33.805°S 18.37°E / -33.805; 18.37
Wikimedia Commons: Robben Island
Robben Island

LandSør-Afrika
Innskriven ved UNESCOs 23. sesjon i 1999.
Referansenr. 916.
Kriterium:(III)(VI)
Sjå ògVerdsarvstader i Afrika
BakgrunnsstoffRobben Island ved unesco.org

Robben Island, afrikaans Robbeneiland, er ei sørafrikansk øy som ligg i Table Bay , 12 km utanfor kysten av Cape Town. Ho er 5,7 km² stor. Øya var tidlegare ei fangeøy, men er i dag eit minnsmerke og eit populært turistmål

Ordet Robben i namnet kjem frå nederlandsk og tyder 'sel'. Tidlegare vann ein ut selolje i området.[1]

Sidan 1600-talet og fram til 1991 blei øya brukt som fangeøy nesten utan avbrot. Tidvis sende ein også spedalske og sinnslidande til øya. Frå 1961 var det særleg motstandarar mot apartheid-regimet som blei sende hit. Nelson Mandela var fange her frå 1964 til 1982. Frå 1996 har øya vore eit museum og minnesmerke for kampen mot apartheid. I 1999 blei øya teken med på UNESCO si liste over verdsarv.

Frå Robben Island
  1. «MARITIME CULTURAL HERITAGE 1611 - 1611». robben-island.org.za. 8. september 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Robben Island