Rjukan kyrkje
Utsjånad
Rjukan kyrkje | |||
kyrkje | |||
Rjukan kyrkje
Foto: Roar Johansen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Øvre Telemark | ||
Sokn | Rjukan | ||
Fellesråd | Tinn | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Arkitekt | Carl og Jørgen Berner (1915), Asbjørn Stein (1968) | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | 21. desember 1915 | ||
• Endringar | 1965–68 | ||
Klokker | 2, Olsen Nauen, 1967 | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Døypefont | Av stein, 1915 | ||
Altartavle | Glasmåleri av Torvald Moseid i fondveggen, 1965 | ||
Orgel | Vestre orgelfabrikk, 1968 | ||
Sitjeplassar | 350 | ||
Rjukan kyrkje 59°52′46″N 8°36′27″E / 59.87948611°N 8.60738333°E | |||
Wikimedia Commons: Rjukan kirke |
Rjukan kyrkje er ei krosskyrkje i Tinn kommune i Telemark.
Kyrkja vart teikna av brørne Carl og Jørgen Berner, som vann ein arkitektkonkurranse, og innvigd i 1915. I 1927 vart kyrkja ramma av ein flaum som utløyste stein- og jordskred. I 1953 datt taket ned, men ingen kom til skade. I 1965 brann kyrkja innvendig under innspeling av filmen Heroes of Telemark. Deretter vart ho bygd om innvendig etter planar av Asbjørn Stein, slik at ho i dag i praksis er ei arbeidskyrkje, sjølv om ho har ei meir tradisjonell ytre framtoning.
Kyrkjegården og gravkapellet er ein annan stad i byen, sør for jernbanelina.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Dahle, Kjell Gunnar (1990). Rjukan kirke 1915 - 1990. Rjukan.
- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Rjukan kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 112-113. ISBN 82-90695-00-4.
- «Rjukan kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 490. ISBN 82-7527-022-7.
- Rjukan kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.