Hopp til innhald

Rivas-Vaciamadrid

Koordinatar: 40°20′N 3°31′W / 40.333°N 3.517°W / 40.333; -3.517
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rivas-Vaciamadrid
Flagget til Rivas-Vaciamadrid Byvåpenet til Rivas-Vaciamadrid
Flagget til Rivas-Vaciamadrid Byvåpenet til Rivas-Vaciamadrid


Plassering
Rivas-Vaciamadrid is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Madrid
Provins Madrid
Borgarmeister José Masa
Geografi
Flatevidd
 - By

67,16 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

64 808
  965 /km²
Koordinatar 40°20′N 3°31′W / 40.333°N 3.517°W / 40.333; -3.517
Høgd over havet 500 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 28521 - 28524 og 28529
Nettstad: www.rivas-vaciamadrid.org

Rivas-Vaciamadrid er ein kommune der elvane Jarama og Manzanares renn saman i Regionen Madrid i Spania. Han ligg om lag 20 km frå sentrum av Madrid og har kring 65 000 innbyggjarar (2008).

Dei siste åra har kommunen vore ein av dei som har vokse raskast i Spania, og har vokse frå kring 500 innbyggjarar i 1980-åra til over 60 000 i dag. Folketalet er venta å stige til over 100 000 i 2014.[1] Han grenser i nord til Madrid og San Fernando de Henares, i sør til Arganda del Rey og San Martín de la Vega, i aust til Mejorada del Campo og Velilla de San Antonio og i vest til Getafe og Madrid (bydelen Villa de Vallecas.)

Trass i den kraftige vekstren, er om lag tre fjerdelar av kommunen park- og naturområde med mange innsjøar og rikt plante- og dyreliv.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]