Riksveg 15
Riksveg 15 | |||
---|---|---|---|
Strekning | |||
Måløy – Otta | |||
Informasjon | |||
Lengd | 280,3 km | ||
Status | riksveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
Restriksjonar | |||
Kolonnekjøring om vinteren |
Strynefjellet | ||
Nattestenging om vinteren |
Strynefjellet |
Riksveg 15 (Rv15) er ein stamveg som går mellom Otta i Sel kommune og Måløy i Vågsøy kommune. Vegen har ei lengd på 280,3 km, av dette 135,8 km i Oppland og 144,5 km i Sogn og Fjordane.
Han tar av frå E6 i Otta og følgjer Ottadalen vestover forbi Lalm, Vågåmo, Lom og Bismo til Grotli. Vidare vestover langs sørsida av Strynsvatnet, gjennom Stryn sentrum, frå Innvikfjorden over til Hornindalsvatnet, langs sørsida av dette vidare vestover til Nordfjordeid, langs nordsida av Nordfjord til Måløy.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Mellom Nordfjordeid og Haus var vegen ferdig i 1928. Opphavleg var det ferjesamband vidare til Maurstad. Vegsamband til Maurstad vart gjennombrote i 1938.
Dagens veg mellom Grotli og Ospeli bru, Nye Strynefjellsvegen med tre tunnelar, vart opna i 1977. Den gamle hovudvegen vart turistveg og utgjer i dag riksveg 258. Begge vegstrekningane er føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne.[1]
Strekninga mellom Stryn og Nordfjordeid med tilhøyrande tunnelar vart opna i 1992 etter at vegarbeidet vart starta i 1966. Første delstrekning var mellom Nordfjordeid og Hjelle.
Ny veg vestover frå Nordfjordeid med riksvegstandard og to tunnelar vart opna på slutten av 1990-talet. Den eine tunnelen, Erviktunnelen, har fortau for at skuleborn frå Ervik skal kunne gå trygt til skulen i Kjølsdalen.
Kommunar og knutepunkt
[endre | endre wikiteksten]Gate 2
- frå Måløy til 617 Måløy nord → Hurtigruta, biler kan takast med.
- Fv621 frå Måløy til Oppedal (9,5 km)
Rv15
- Måløybrua (1224 m)
- Fv623 frå Deknepollen til Osmundsvåg (9,5 km)
- Allmenningstunnelen (342 m)
- 618 frå Eldevik til Fv632 Selje
- Brunsviktunnelen (707 m)
- Krokabergtunnelen (525 m)
- 61 frå Maurstad til Solevågseid i Sula kommune
- Vindfylletunnelen (1083 m)
- Ervik
- Erviktunnelen (679 m)
- Kjølsdalen
- Fv661 frå Ytre Rød til Haugen
- 614 frå Stårheim ferje til Grov i Flora kommune, → ferje til Isane
- Fv661 Stårheim
- Fv661 Haugen
Skårhaugstranda
- Nordfjordeid, felles trasé til Hjelle
E39
Rv15
- Fv664 frå Fossebakken til Navelsaker
- Nor bru (Eidselva, ca. 30 m)
- Fv663 frå Nor til Skipenes (5,3 km)
- Lisjejøltunnelen (219 m)
- Marajøltunnelen (855 m)
- Breisvortunnelen (1382 m)
- Kongenestunnelen (1118 m)
- 60 frå Hola til Blindheim i Ålesund kommune, felles trasé til Stryn
- 613 frå Bleksvingen til Fv698 Tvinnereim
- Fv721 frå Svarstad til Faleide (1,3 km)
- 60 frå Stryn til Byrkjelo i Gloppen kommune
- Fv722 frå Sunde til Flo
- Oppstrynsvatnet (ca. 100 m)
- Jostedalsbreen nasjonalparksenter
- Fv720 frå Erdal til Hjelleøyane
- Hjelletunnelen (2566 m)
- Fv720 Hjelleøyane
- Hjelledøla (ca. 35 m)
- Jøl bru (ca. 40 m)
- 258 frå Ospeli bru til Grotli i Skjåk kommune
- Ospeli bru (ca. 60 m)
- Ospelitunnelen (2549 m)
- Grasdøla (ca. 80 m)
- Grasdalstunnelen (3720 m)
- Oppljostunnelen (4537 m) det høgaste punktet på strekninga, 943 moh.
- 63 frå Langevatn til Sogge bru i Rauma kommune
- 258 Grotli
- Vulu (ca. 40 m)
- Fv485 frå Dønfoss bru til Skamsar bru (9,7 km)
- Dønfoss bru (Otta, ca. 50 m)
- Fv486 frå Dønfoss bru til Tuva (13,9 km)
- Fv484 frå Skamsar bru til Vollungs bru (5,8 km)
- Skamsar bru
- Fv485 Skamsar bru (Otta, ca. 50 m)
- Bismo
- Fv483 frå Vollungsbru til Staurust i Lom kommune
- Vollungs bru (Otta, ca. 105 m)
- Fv484 Vollungs bru
- Fv483 Ånstad
- Fv467 frå Lom prestegard Lom stavkyrkje til 55 Flå bru (9,0 km)
- Prestfossen (Bøvra, ca. 30 m)
- 55 frå Fossbergom til Stedje i Sogndal kommune
- Fv468 frå Fossbergom til Fv452 Vågåmo (31,7 km)
- Kommunal veg frå Kjæstad via Liabrui (ca. 240 m) til Fv468 Honn (2,0 km)
- Byrbergtunnelen (520 m)
- 51 frå Randen til Hesla i Gol kommune
- Fv436 frå Sundodden til Fv418 Otta
- Sundbrua (Vågåvatnet, ca. 240 m)
- Fv452 frå Sundbrua via Vågåmo til Sandbu (2,7 km)
- Finnoset bru (Finna, 48 m)
- Fv452 Sandbu
- Fv438 Vågårusti frå Haugen til Nord-Sel
- Fv436 Lalm
- Fv436 Åsår
- Fv418 Skifervegen frå Otta til 257 Åmotet
- Fv435 frå Otta til Fv438 Ulsvollen
- Lågen bru (ca. 80 m)
- Otta
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Riksvei 15» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mai 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne Arkivert 2007-10-31 ved Wayback Machine. (sjå avsnitt om Strynefjellet vegmiljø)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- NRKs fylkesleksikon for Sogn og Fjordane: Strynefjellsvegen
- Statens vegvesen – trafikkmeldingar Rv15
- Statens vegvesen – trafikkmeldingar
- Statens vegvesen – kolonnekjøring
- Statens vegvesen – nattestengingar