Rieti
Rieti | |||
by | |||
Den romerske porten i Rieti
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Lazio | ||
Provins | Rieti | ||
Areal | 206,46 km² | ||
Folketal | 45 276 (1. januar 2023) | ||
Borgarmeister | Giuseppe Emili | ||
Postnummer | 2100 | ||
Retningsnummer | 0746 | ||
Rieti 42°24′16″N 12°51′24″E / 42.40443°N 12.856702°E | |||
Wikimedia Commons: Rieti |
Rieti (latin Raeta) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Rieti i regionen Lazio og har om lag 45 000 innbyggjarar.
Byen ligg på ein liten åstopp oppfor ei vid slette ved sørenden av ein eldgamal innsjø. Innsjøen har derimot tørka inn og i dag er det berre to småvatn, Ripasottile og Cantalice.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Antikken
[endre | endre wikiteksten]Reate var opphavleg ein viktig stad for sabinarane. Etter at romarane tok over området på 200-talet fvt. og landsbyen vart ein strategisk stad langs det tidlege romerske vegnettverket. Byen låg langs Via Salaria som var ein av dei største transportårene for salthandel mellom Roma og Adriahavet over Appenninane.
Gjennom eit djupt gjel i kalksteinen i nordenden av dalen gjorde Curius Dentatus slik at vatnet i innsjøen rann bort og ut i elva Nera. Det vide området vart så omgjort til ei frodig slette. Byen vart då flytta og forsterka med kraftige bymurar. Ei steinbru vart bygd over elva Velino og ein stor viadukt vart bygd for å føre folk og vogner frå Salaria-vegen og opp til sørporten av byen.
Mellomalderen
[endre | endre wikiteksten]Etter Vestromarriket sitt fall vart Rieti øydelagd av barbarar, men heldt fram som ein viktig administrasjonsstad (gastaldato) medan han var under langobardane, som ein del av Hertugdømet Spoleto. Under frankarane var han hovudstad i eit grevskap. På 800- og 900-talet vart han plyndra av sarasenarar og i 1149 av normannarkongen Roger II av Sicilia.
Byen vart bygd opp at med hjelp frå Roma og frå 1198 vart Rieti ein fri kommune, støtta av guelfarane med eigen podestà.
Som sete for mange pavar vart Rieti ein stad der mange historiske hendingar. Konstanse av Hauteville gifta seg her med keisar Henrik VI (1185); Karl I av Anjou vart krona i domkyrkja i 1289 som konge av Puglia, Sicilia og Jerusalem av pave Nikolas I. Pave Gregorius IX feira kanoniseringa av heilage Dominikus her i 1234.
Sein mellomalder og nyare historie
[endre | endre wikiteksten]Etter pavesetet vart flytta til Avignon vart Rieti erobra av Kongedømet Napoli då dei indre stridane mellom Welf og Ghibellini byrja. I 1354 vart han tatt tilbake av kardinal Albornoz, og seinare av føydalherrane i Alfani-familien som ein del av Kyrkjestaten. Ein plan om drenere meir av den omliggande sletta vart utført i hundreåret etter, men dette førte til stridar med byen Terni.
Rieti vart provinshovudstad i Kyrkjestaten frå 1816 ti l1860. Etter samlinga av Italia vart han først ein del av Abruzzi, før han vatr annektert til Lazio i 1923. Han vart provinshovudstad 2. januar 1923.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rieti» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kart over Rieti Arkivert 2006-12-12 ved Wayback Machine.
- Turiststyret i Rieti Arkivert 2007-01-21 ved Wayback Machine.