Richie Zito
Richie Zito | |||
Fødd | 21. august 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brooklyn, New York | ||
Fødenamn | Richard Zito | ||
Opphav | Los Angeles, California | ||
Aktiv | 1970-åra til i dag | ||
Sjanger | Rock, hard rock | ||
Instrument | gitar | ||
Tilknytte artistar | America, Eddie Money, Heart, Bad English, Cheap Trick, Elton John | ||
Verka som | Plateprodusent, musikar |
Richie Zito (fødd 21. august 1952) er ein USA-amerikansk låtskrivar, låtskrivar og plateprodusent frå Los Angeles. I ein karriere som har vart meir enn 50 år, har Zito arbeidd som studiomusikar og delekte på mange innspelingar av andre artistar, som White Lion, Poison, Mr. Big, Neil Sedaka, Yvonne Elliman, Eric Carmen, Art Garfunkel, Leo Sayer, Diana Ross, Marc Tanner, Elton John, Cher, the Motels, The Cult, White Lion, Eddie Money, Heart, Juliet Simms, Bad English og Prism.
I tillegg til dette har Zito produsert 38 singlar som har nådd singellista i uSA. Han vart kåra til årets produsent i 1990 av Billboard. Zito skreiv òg filmmusikk for den japanske animasjonsfilmen Project A-Ko i 1986 med Joey Carbone. Produksjonsstilen til Zito har blitt kalla «panoramisk og kosmisk» av Doug Stone frå AllMusic om arbeidet hans med Cheap Trick i 1988 på albumet Lap of Luxury.[1]
Produksjonsarbeid
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Album |
---|---|---|
1983 | Toni Basil | Toni Basil |
1986 | Animotion | Strange Behavior |
1986 | Joe Cocker | Cocker |
1986 | Eddie Money | Can't Hold Back |
1988 | Cheap Trick | Lap of Luxury |
1989 | Bad English | Bad English |
1990 | Cheap Trick | Busted |
1990 | Heart | Brigade |
1991 | Tyketto | Don't Come Easy |
1991 | White Lion | Mane Attraction |
1991 | Cher | Love Hurts |
1991 | The Cult | Ceremony |
1993 | Poison | Native Tongue |
1994 | Richie Kotzen | Mother Head's Family Reunion |
1999 | Ratt | Ratt |
2001 | Mr. Big | Actual Size |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Richie Zito» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Doug Stone. «Richie Zito | Biography». AllMusic. Henta 28. januar 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ritchie Zito på Zito Artist Development Arkivert 2009-04-29 ved Wayback Machine.