Hopp til innhald

Richard Strauss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Richard Strauss

Fødd11. juni 1864
FødestadMünchen
Død8. september 1949 (85 år)
DødsstadGarmisch-Partenkirchen
FødenamnRichard Georg Strauss
OpphavTyskland
Sjangeropera, symfoni, klassisk musikk, Sardana
Instrumentpiano
Verka somkomponist, dirigent, librettist, musikar
MorJosephine Strauss
FarFranz Strauss
Gift medPauline Strauss-de Ahna
PrisarPour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Æresborger av München, Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, æresborgar av Wien, Frelserens orden, Adlerschild des Deutschen Reiches, Jernkroneordenen, Dannebrogordenen, kommandør av Oranje-Nassau-ordenen, Eikekroneordenen, Den hellige Carls orden, offiser av Æreslegionen, Ridder av Æreslegionen, Karl IIIs orden, Den røde ørns orden, kommandør av Kroneordenen, Den hvite falks husorden, Den saksisk-ernestinske husorden, Albrechts-ordenen
Richard Strauss (av Emil Orlik, 1916)
Ein ungdommeleg Strauss

Richard Georg Strauss (11. juni 18648. september 1949) var ein leiande tysk komponist og dirigent frå seinromantikken og tidleg modernisme.

Han er svært kjend for operaene sine, til dømes Der Rosenkavalier (1909-10) og Salome (1904-05); lieder, spesielt Vier letzten Lieder (1948) og tonedikta og orkesterverka, som Tod und Verklärung (1888–1890), Till Eulenspiegels lustige Streiche (1895), Also sprach Zarathustra (1896), Eine Alpensinfonie og Metamorphosen für 23 Solostreicher (1946). Strauss var elles ein stor dirigent og teaterleiar.

Som Gustav Mahler er Strauss ein representant for den tyske seinromantikken etter Richard Wagner. Eit særmerke var nye orkestreringsteknikkar kombinert med ein avansert harmonikk.

Richard Strauss skreiv over 250 musikkverk, totalt 61 orkesterverk (inkludert dei for soloinstrument), 45 kammermusikkverk, 75 songar, 33 orkestersongar, 19 korverk og 21 sceneverk.

Han var ikkje i slekt med den kjende austerrikske komponistfamilien Strauss frå Wien.

  • Arabella op. 79 1930-32
  • Ariadne auf Naxos op.60 1911-12
  • Capriccio op.85 1940-41
  • Daphne 1937
  • Der Rosenkavalier op.59 1909-10
  • Die ägyptische Helena 1927
  • Die Frau ohne Schatten op.65 1914-18
  • Elektra op.58 1906-08
  • Intermezzo 1923
  • Salome op.54 1904-05
  • Don Juan op.20 1888
  • Tod und Verklärung op.24 1888-89
  • Till Eulenspiegels lustige Streiche op.28 1894-95
  • Also sprach Zarathustra op.30 1895-96
  • Don Quixote op.35 1896-97
  • Ein Heldenleben op.40 1897-98
  • Symfonia Domestica op.53 1902-03
  • Eine Alpensinfonie op.64 1911-15

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Richard Strauss