Richard Greene
Richard Greene | |||
Fødd | 9. november 1942 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles i California i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1964 | ||
Sjanger | Klassisk, rock, bluegrass | ||
Instrument | Fiolin | ||
Tilknytte artistar | Jim Kweskin Jug Band, The Blues Project, Seatrain, Muleskinner | ||
Verka som | Musikar |
Richard Greene (fødd 9. november 1942) er ein USA-amerikansk fiolinist skildra som «ein av dei mest nyskapande og viktigaste felespelarane gjennom tidene».[1] Greene er introduserte «chop-akkordar», ein dempa akkord, til felespelinga då han arbeidde med Bill Monroe and the Blue Grass Boys. Han meinte seinare at denne speleinga var årsaka til smertene han seinare fekk i handleddet og armen.[2] Han brukte òg denne teknikken i bandet Seatrain.[2]
Greene har òg spelt i andre band, ofte som leiar eller medleiar:[3][4]
- Blue Velvet Band med Bill Keith, Eric Weissberg og Jim Rooney (1969)
- Muleskinner med Rowan, Keith og Clarence White (1973)
- The Great American Music Band, først med David Grisman og Vassar Clements og sidan med mellom andre John Carlini, Todd Phillips, Darol Anger og Jerry Garcia (ca. 1974-75)
- The Greene String Quartet (ca. 1988-91)
- The Grass Is Greener som gav ut innspelingar med David Grier, Keith, Kenny Blackwell, Tim Emmons, Chris Thile, Butch Baldassari, Buell Neidlinger og Tony Trischka (1992–94)
- Richard Greene & The Brothers Barton (2006)
Greene har òg spelt med Red Allen, Bill Monroe, Gary Burton, Melissa Manchester, Greenbriar Boys, James Taylor, Tony Rice, Linda Ronstadt, Dolly Parton, Emmylou Harris, Bob Seger, Old & In the Way, Brian Wilson, Eddie Adcock, George Strait, Loggins and Messina, Crosby, Stills & Nash, Peter Rowan, Deana Carter, Rod Stewart, Lacy J. Dalton, Jerry Garcia, Van Dyke Parks, Bruce Springsteen, Sting, Joss Stone, Richard Thompson, Kelly Clarkson, Mandy Moore, Tony Bennett og The Wagner Ensemble (Jeannine Wagner).[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Richard Greene» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «59th Annual Conference on World Affairs, «Richard Greene»». Arkivert frå originalen 6. april 2005.
- ↑ 2,0 2,1 How A Sore Wrist And A Fondness For 'Noise' Forever Changed The Way The Violin Is Played
- ↑ «Discography: Richard Greene». Richard Greene's Official Web Site. Arkivert frå originalen 11. juni 2018. Henta 11. november 2020.
- ↑ 4,0 4,1 «About: Richard Greene». Richard Greene's Official Web Site. Arkivert frå originalen 10. februar 2021. Henta 11. november 2020.