Richard Dalitz
Utsjånad
Richard Dalitz | |||
Fødd | 28. februar 1925 Dimboola | ||
---|---|---|---|
Død | 13. januar 2006 Oxford | ||
Nasjonalitet | Australia, Storbritannia | ||
Område | teoretisk fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar, teoretisk fysikar | ||
Institusjonar | University of Bristol University of Birmingham University of Chicago University of Oxford | ||
Alma mater | University of Melbourne University of Cambridge | ||
Doktorgradsrettleiar | Nicholas Kemmer | ||
Medlem | Royal Society Det polske vitenskapsakademi National Academy of Sciences |
Richard Henry Dalitz (28. februar 1925–13. januar 2006) var ein australsk fysikar.
Han var professor ved Enrico Fermi-instituttet i Chicago frå 1959 til 1962, og frå 1963 professor i Oxford i England. Dalitz er kjent for grunnleggjande arbeid innan teoretisk elementærpartikkelfysikk. Elektronpar som blir danna ved desintegrasjon av nøytrale pion, blir på grunn av den teoretiske skildringa han gav av prosessen kalla Dalitz-par.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Richard Henry Dalitz. I Store norske leksikon.