Ribbein
Ribbein (på latin costa, fleirtal og genitiv costae) er dei lange bøygde beina som dannar den beina brystkassa. I dei fleste virveldyra omkrinsar ribbeina brystorgana som gir lungene sjansen til å ekspandere og difor hjelper oss med å ande. I tillegg skyddar dei lungene, hjartet og andre organ i brysthòla. I nokre dyr, særleg slangar er ribbeina med på å skydde heile kroppen.
Mennesket har tolv par ribbein, altså 24 ribbein. Dei første sju para er ekte ribbein fordi dei er direkte knytte til brystbeinet gjennom ribbeinbrusken. Det første ribbeinet er mindre og meir krum enn dei andre, medan ribbein to til sju er meir tradisjonelle. .[1] Dei siste fem para er falske ribbein, der tre av dei delar same bruskhefting til brystbeinet, og dei to siste (ellevte og tolvte) er flytande ribbein som ikkje har kontakt med sternum i det heile. Nokon manglar eitt eller to par av dei flytande ribbeina, medan nokon har eit tredje par.
Ein kan fjerne ribbeina kirurgisk for terapeutiske eller kosmetiske grunnar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Saladin, K. S. (2010). Anatomy and Physiology: The Unity of Form and Function (5th ed.). New York, NY: McGraw-Hill.