Revisjonsdepartementet
Utsjånad
Revisjonsdepartementet var eit departement, avdeling av statskipnaden i Noreg i perioden 1822-1918.
Revisjondepartementet vart skipa etter kongelege resolusjonar av 23. mars og 6. juni 1822 og etter kongeleg kunngjering av 23. juli 1822. Departementet skulle stå føre revisjon og desisjon av alle rekneskapar som tidlegare hadde lege under dei enkelte departmenta, med unnatak for alle skifte og det som låg til overformynderiet. Rekneskapa for desse siste skulle justisdepartementet ha ansvar for.
Med lov av 8. februar 1918 vart revisjonsdepartementet avvikla, og oppgåvene overført til den nyopretta statsrevisjonen. Statsrevisjonen skifta namn til riksrevisjonen i 1938.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. IX. bandet. 1959