Hopp til innhald

Religionskrig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Religionskrig er krig som spring ut frå religiøse forskjellar, eller der religion er ei viktig grunngjeving. Slik kriging kan føregå som eit forsøk på å spreia eller verna sin religion eller undertrykka ein annan religion, noko som ofte blir kalla «heilag krig». Religionskrig kan finna stad mellom ulike statar eller folkegrupper som vedkjenner seg ulike religionar eller ulike religiøse forståingar innan same religion. Som oftast vil religionskrigar også ha andre konfliktelement, som kontroll over territorium, handelsruter og ressursar og historiske, kulturelle eller etniske motsetningar.

Nokre døme på religionskrigar er det jødiske Makkabearopprøret i Judea, dei ulike kristne krosstoga som spreidde kristendommen i Europa og Midtausten, dei muslimske erobringane som spreidde islam i Arabia og vidare, det spanske Reconquista, som tok den iberiske halvøya tilbake for katolikkar og tømde henne for jødar og muslimar, dei europeiske religionskrigane på 1500- og 1600-talet mellom ulike representantar for protestantismen og katolisismen og Taipingopprøret i Kina på 1800-talet.

Fleire konfliktar i nyare tid har hatt religionsskilnader mellom folkegrupper som viktige element, som konflikten i Nord-Irland, borgarkrigen i Libanon, borgarkrigen på Sri Lanka og Jugoslavia-krigane.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med religion å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.