Relieff
Relieff er ei form for skulptur der motivet er delvis opphøgd og framheva i høve til ei plan bakgrunnssflate. I høgrelieff eller hautrelieff står den biletlege framstillinga opp frå bakgrunnsplanet, i lågrelieff eller basrelieff er djupneforholda sterkt forkorta og figurframstillinga trer ikkje mykje fram frå bakgrunnsplanet. Det finst også mellomformer (demi-relief) og relief en creux, nedsenka relieff.
Ordet «relieff» kjem frå italiensk rilievo gjennom fransk relief og tyder 'gjort høgare'. Omgrepet blei først brukt av Cennino Cennini rundt 1400. Teknikken er særs gammal, og er mellom anna kjend frå istidskunst. Dei fleste kulturfolk har hatt ei eller anna form for relieffer eller skulpturell flatekunst. I Sumer, Assyria og Det gamle Egypt blei relieff mellom anna brukt til å dekorera gravminne, tempel, medaljongar og myntar. Det same galdt Hellas i antikken og Romarriket, der ein kan nemna dei greske Parthenonrelieffa og den 40 meter høge Trajansøylen av marmor i Roma. Relieff er også kjend frå tempel og byggverk elles i verda, for eksempel på øya Elephanta ved Mumbai i India og tempelruinen Borobudur på Java i Indonesia. I Noreg finn ein relieffkunst frå norrøn tid i dyreornamentikk på smykke og i treskurd.
Under renessansen lærte kunstnarar seg nye teknikkar for å visa anatomi og perspektiv meir realistisk både i måleri og relieff. Lorenzo Ghiberti sine berømte relieffutsmykka bronsedører Porta del Paradiso til baptisteriet i Firenze stammar frå tidleg i denne perioden.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Relieff» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 18. september 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Relieff» frå Wikipedia på bokmål, den 18. september 2014.