Regionen Gisborne
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Gisborne.
Gisborne District | |||
Te Tai Rāwhiti (maori) | |||
region | |||
Cook's Cove i Tolaga Bay
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Areal | 8 385,33 km² | ||
Folketal | 48 599[1] (2017) | ||
Retningsnummer | 06 | ||
Regionen Gisborne 38°40′00″S 178°01′00″E / 38.66667°S 178.01667°E | |||
Kart som viser Regionen Gisborne.
| |||
Wikimedia Commons: Gisborne District | |||
Nettstad: http://www.gdc.govt.nz |
Gisborne District (maori Te Tai Rāwhiti) er ein region (sameint styresmakt) på New Zealand. Den største busetnaden, som også ber namnet Gisborne, ligg på austkysten, i den nordlege enden av Poverty Bay.
Byen og distriktet Gisborne har fått namn etter ein tidlegare koloniminister på New Zealand, William Gisborne. Regionstyret har setet sitt i byen Gisborne, og utfører her i tillegg også funksjonane til eit distriktsstyre (territorial authority).
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Regionen ligg i det nordaustlege hjørnet til Nordøya og er også omtalt som «East Cape», «East Coast» eller «Eastland Region». Det er ein spreidd busett og isolert region, med små busetnadar som stort sett ligg langs den austlege kystlinja, mellom desse Tokomaru Bay og Tolaga Bay. Folketalet i regionen er 48 600[1], og nesten tre fjerdedeler av desse bur i byen. Ingen andre busetnader i regionen har ein innbyggjartal på meir enn 1 000 menneske. Dei største av dei andre busetnadane er Tolaga Bay og Ruatoria, begge med eit innbyggjartal på vel 800 i 2001.
Innover i landet er terrenget ulendt, for det meste skogkledd åslandskap. Nasjonalparken Te Urewera National Park ligg vest i regionen, og skogområdet Kaingaroa Forest vest for denne att. Ein ulendt åskam dominerer midtpartiet i regionen, og kulminerer i det imponerande 1620 meter høge Hikurangi-fjellet nordaust i regionen. Dette fjellet er det femte høgaste på Nordøya, og det høgaste som ikkje er ein vulkan. Det vert sett på som heilagt av maoriane, og påstandane om at dette er det første fjellet der sola skin om sommaren, kan forsvarast.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Folkesamansetjinga i regionen viser ein større del maoriar enn gjennomsnittleg i landet - over 50 % i somme område - og der er enno sterke band både til maorikulturen og samfunnsstrukturen med iwiar og marae-stader. Dei største iwiane i regionen er Ngāti Porou, Rongowhakaata, Ngai Tamanuhiri og Te Aitanga a Mahaki.
Jordskjelvet i 2007
[endre | endre wikiteksten]Klokka 20:55 lokal tid den 20. desember 2007 vart Gisborneregionen råka av eit jordskjelv med styrke 6,8 på Richterskalaen, med sentrum i Hikurangi Trench, 50 km søraust for Gisborne med ei djupn på 40 km.[2] Jordskjelvintensitet på 7-8 etter Mercalliskalaen vart registrerte, det tre bygningar i sentrum av byen fall saman, og andre fekk ein del strukturelle skadar. Det vart rapportert eit dødsfall (ei eldre kvinne fekk eit hjarteatakk under skjelvet) og ein del mindre skadar.[3]
Vêrlag
[endre | endre wikiteksten]Eit maorinamn på Gisborneregionen er Tairawhiti - 'solskinnskysten'. Regionen ligg i ly av høgland mot vest, og har eit turt og solrikt vêrlag. Gjennomsnittleg er der årleg 2 200 soltimar. Den årlege nedbøren varierer frå kring 1000 mm nær kysten, til meir enn 2500 mm i det høgareliggjande innlandet.[4] Det kjem frost fleire gonger kvar vinter.
Det milde vêrlaget i Gisborne gjer, saman med det fruktbare jordsmonnet, dette området til ein ideell stad for dyrking av mais, druer, sitrusfrukter, kiwifrukt og andre subtropiske frukter.[5]
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur | 24,9°C 77°F |
24,2 °C 76 °F |
22,6 °C 73 °F |
19,9°C 68 °F |
17,1 °C 63 °F |
14,7 °C 58 °F |
14,1 °C 57 °F |
14,9 °C 59 °F |
16,8 °C 62 °F |
19,0 °C 66 °F |
21,3 °C 70 °F |
23,3 °C 74 °F |
19,5°C 67°F | |
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur | 13,6°C 56°F |
13,6 °C 56 °F |
12,2 °C 54 °F |
9,6 °C 49 °F |
6,9 °C 44 °F |
5,3 °C 42 °F |
4,6 °C 40 °F |
5,4 °C 42 °F |
6,8°C 44 °F |
8,6 °C 47 °F |
10,5 °C 51 °F |
13,3 °C 54 °F |
9,1°C 48°F | |
Gjennomsnittleg total nedbør | 54 mm 2,13 " |
78 mm 3,07 " |
99 mm 3,9 " |
103 mm 4,06 " |
97 mm 3,82 " |
125 mm 4,92 " |
119 mm 4,69 " |
93 mm 3,66 " |
101 mm 3,98 " |
63 mm 2,48 " |
65 mm 2,56 " |
67 mm 2,64 " |
1050 mm 41,34 " | |
Kjelde: Niwa Science climate data |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gisborne Region» frå Wikipedia på engelsk, den 8. desember 2009.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Subnational Population Estimates: At 30 June 2017 (provisional), Statistics New Zealand, 24. oktober 2017, henta 24. oktober 2017; Subnational population estimates (UA, AU), by age and sex, at 30 June 1996, 2001, 2006-16 (2017 boundary), Statistics New Zealand, 24. oktober 2017, henta 24. oktober 2017
- ↑ GeoNet – New Zealand Earthquake Report - Dec 20 2007 at 8:55 pm (NZDT), arkivert frå originalen 22. desember 2007, henta 8. desember 2009
- ↑ Quake damage extensive as massive clean-up begins - 21 Dec 2007 - NZ Herald: New Zealand National news
- ↑ Gisborne Weather Arkivert 2011-07-16 ved Wayback Machine. at gisbornenz.co.nz
- ↑ Gisborne Weather Arkivert 2010-05-22 ved Wayback Machine. at nzs.com