Reg Presley
Reg Presley | |||
| |||
Fødd | 12. juni 1941 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Andover i Hampshire | ||
Død | 4. februar 2013 (71 år) | ||
Dødsstad | Andover i Hampshire | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960-åra til 2012 | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | bassgitar, okarina, gitar | ||
Verka som | songar-låtskrivar |
Reginald Maurice Ball (12. juni 1941–4. februar 2013), mest kjend som Reg Presley, var ein engelsk songar og låtskrivar. Han var frontmann i 60-talsbandet The Troggs, som hadde hittar som «Wild Thing» og «With a Girl Like You». Han skreiv songen «Love Is All Around», som vart nytta i filmane Four Weddings and a Funeral og Love Actually.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Presley fekk dette scenenamnet i 1965 av New Musical Express-journalisten Keith Altham.[1] Etter skulen var over vart han murar, og hadde dette yrket fram til «Wild Thing» gjekk inn på UK Singles Chart i 1966.[2] Songen nådde andreplassen i Storbritannia og gjekk heilt til topps i USA, og selde fem millionar eksemplar.[2][3]
Presley skreiv hittane «With a Girl Like You», «I Can't Control Myself» og «Love Is All Around». Wet Wet Wet sin versjon av denne sistnemnde songen i 1994 låg heile 15 veker på toppen av UK Singles Chart. Presley brukte inntektene han fekk for dette til å finansiere forsking på UFOar, tapte sivilisasjonar, alkymi og kornsirklar og publiserte funna sine i boka Wild Things They Don't Tell Us, publisert i oktober 2002.[2][4]
Helseproblem og død
[endre | endre wikiteksten]I desember 2011 vart Presley lagd inn på sjukehus i Winchester i Hampshire, med mistanke om eit hjerneslag. Han hadde òg lungebetennelse og væske kring hjarta. Presley hadde hatt eit stort slag kring eit år tidlegare. Kona hans skal ha byrja å kjenne seg dårleg då han spelte i Tyskland den 3. desember 2011 og vart gradvis verre.[5] Månaden etter vart det annonsert at Presley hadde lungekreft og derfor valde å trekkje seg frå musikkindustrien.[6] Litt over eit år seinare, den 4. februar 2013, døydde Presley av kreft.[7][8] Presley vart kremert ved Basingstoke Crematorium i Hampshire.
Ein blå plakett til minne om han vart avdekt i Andover High Street den 31. juli 2016, og markerte staden der The Troggs brukte å øve.
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Musikken til Presley inspirerte Iggy Pop og vart lovprist av Bob Dylan. Kritikaren Lester Bangs kalla The Troggs «punkens gudfedre» og samanlikna Presley med Marcel Proust.[2] Presley var med som ein rollefigur i Steve Erickson-romanen These Dreams of You (2012).[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ BBC obituary
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Reg Presley». www.telegraph.co.uk. 3. april 2018. Henta 3. april 2018.
- ↑ https://books.google.com/books?id=PgGqNrqfrsoC&pg=PT213&dq="troggs" "wild thing" 1966&hl=en&sa=X&ved=0CCUQuwUwAWoVChMIkv37t7v0yAIVCTQ-Ch3kZwQG#v=onepage&q="troggs" "wild thing" 1966&f=false
- ↑ «Reg Presley's 'Wild Things They Don't Tell Us'». BBC Wiltshire. Henta 3. april 2018.
- ↑ «Oldies Music News». 14. desember 2011. Arkivert frå originalen 21. oktober 2018. Henta 3. april 2018.
- ↑ «Reg Presley of the Troggs Announces He Has Cancer, Retires from Music». 3. april 2018. Henta 3. april 2018.
- ↑ «The Troggs | The Troggs Leader Reg Presley Loses Cancer Battle». Contactmusic.com. Henta 5. februar 2013.
- ↑ «Reg Presley of the Troggs dies aged 71». BBC News. 4. februar 2013. Henta 4. februar 2013.
- ↑ These Dreams of You, Steve Erickson, p. 160
- Denne artikkelen bygger på «Reg Presley» frå Wikipedia på engelsk, den 3. april 2018.