Reese Witherspoon
Reese Witherspoon | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 22. mars 1976 (48 år) New Orleans |
Yrke | skodespelar, filmskodespelar, modell, filmprodusent, stemmeskodespelar, forretningsdrivande, TV-produsent |
Språk | engelsk, angloamerikansk |
Politisk parti | Det demokratiske partiet i USA |
Religion | Den anglikanske kirke |
Ektefelle | Ryan Phillippe, Jim Toth |
Partnar | Jake Gyllenhaal |
Nettstad | https://reesesbookclub.com/ |
Reese Witherspoon på Commons |
Laura Jeanne Reese Witherspoon (fødd 22. mars 1976), betre kjend som Reese Witherspoon, er ein USA-amerikansk skodespelar og filmprodusent. I 1998 spela ho i tre større filmar: Overnight Delivery, Pleasantville og Twilight. Det påfølgjande året spela Witherspoon i den kritikarrosa Election, som ho vart nominert til Golden Globe for. 2001 vart eit vendepunkt i karrieren hennar, med gjennombrotsrolla som «Elle Woods» i kinosuksessen Legally Blonde, og i 2002 spela ho hovudrolla i Sweet Home Alabama, som vart den største kommersielle suksessen i karrieren hennar så langt. I 2003 vende ho tilbake som hovudrolleinnehavar og produksjonsleiar for Legally Blonde 2: Red, White & Blonde. I 2005 fekk Witherspoon merksemd og ros verda over, då ho spela June Carter Cash i Walk the Line, som ho fekk Oscar, Golden Globe, BAFTA og Screen Actors Guild Award for «Beste kvinnelege hovudrolle» for.
Witherspoon gifta seg med skodespelar og medspelar i Cruel Intentions, Ryan Phillippe, i 1999. Dei har to ungar saman, Ava og Deacon. Paret vart separert mot slutten av 2006 og dei skilde seg i oktober 2007.
Witherspoon eig eit produksjonsselskap, Type A Films, og ho har involvert seg aktivt i organisasjonar som kjempar for rettane til kvinner og barn. Ho sit i styret i Children’s Defense Fund (CDF) og vart globalambassadør for Avon Products i 2007, då ho var æresleiar for velgjerdsorganisasjonen Avon Foundation.
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]År | Originaltittel | Norsk tittel | Rolle |
---|---|---|---|
1991 | The Man in the Moon | Det hendte en sommer | Dani Trant |
Wildflower | Ellie Perkins | ||
1992 | Desperate Choices: To Save My Child | Cassie | |
1993 | A Far Off Place | Flukten gjennom Kalahari | Nonnie Parker |
Jack the Bear | Karen Morris | ||
Return to Lonesome Dove (miniserie for fjernsyn) |
Ferris Dunnigan | ||
1994 | S.F.W. | Wendy Pfister | |
1996 | Freeway | Vanessa | |
Fear | Nicole Walker | ||
1998 | Twilight | Sannhetens time | Mel Ames |
Overnight Delivery | Ivy Miller | ||
Pleasantville | Jennifer/Mary Sue | ||
1999 | Cruel Intentions | Et farlig spill | Annette Hargrove |
Election | Tracy Flick | ||
Best Laid Plans | Lissa | ||
2000 | Little Nicky | Lille Nicky – Djevelungen | Holly (birolle) |
American Psycho | Evelyn Williams | ||
2001 | The Trumpet of the Swan | Serena (stemme) | |
Legally Blonde | Lovlig blond | Elle Woods | |
2002 | The Importance of Being Earnest | Cecily Cardew | |
Sweet Home Alabama | Melanie Carmichael | ||
2003 | Legally Blonde 2: Red, White & Blonde | Lovlig blond 2 | Elle Woods (og produksjonsleiar) |
2004 | Vanity Fair | Becky Sharp | |
2005 | Walk the Line | June Carter Cash (også vokal) | |
Just Like Heaven | Elizabeth Masterson | ||
2007 | Rendition | Antatt skyldig | Isabella El-Ibrahimi |
2008 | Penelope | Annie | |
Four Christmases | Kate | ||
2009 | Monsters vs. Aliens | Susan Murphy / Ginormica (stemme) |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Reese Witherspoon ved The Internet Movie Database (IMDb)