Red Red Wine
Red Red Wine Singel av Neil Diamond frå albumet Just for You | ||
B-side |
«Red Rubber Ball» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. april 1968 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:42 | |
Selskap | Bang Records | |
Komponist | Neil Diamond | |
Tekstforfattar | Neil Diamond | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Produsent | Jeff Barry, Ellie Greenwich | |
Neil Diamond-kronologi | ||
«New Orleans» (1968) |
Red Red Wine | «Brooklyn Roads» (1968)
|
«Red Red Wine» er ein song skriven og opphavleg spelt inn av Neil Diamond. Han har sidan vorte spelt inn av Tony Tribe, Jimmy James & the Vagabonds og mest kjend av den britiske reggaegruppa UB40, som tok songen til toppen av både Billboard Hot 100 i USA og UK Singles Chart. Diamond-versjonen nådde 62. plass på Billboard Hot 100 i 1968. Diamond spelte sidan ein UB40-inspirert versjon av songen på turneane sine. Denne versjonen vart gjeven ut på samleplata The Greatest Hits (1966-1992).
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Teksten vert sungen frå perspektivet til nokon som meiner at ein berre ved å drikke raudvin kan gløyme smertene sine, familekrangel, arbeidet sitt og ikkje minst ei kvinne som stadig dukkar opp i tankane på han som drikk. Ved å drikke forsvinn smerta og han kjenner seg noko betre, men oppdagar så at den same kvinna som fekk han til å drikke kjem inn i baren og dette får han til kjenne seg enno dårlegare. Etter å ha drikke for mykje snublar han ut på gata der han vert funnen av det som verkar å vere faren som tilbyr han å hjelpe han opp på beina.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1968) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 62 |
UB40-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Red Red Wine Singel av UB40 frå albumet Labour of Love | ||
B-side |
«Sufferin'» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. august 1983 | |
Sjanger | Reggae fusion | |
Lengd | 5:21 (1988-versjonen) 3:01 (1983-versjonen) | |
Selskap | DEP International (UK) A&M (US) | |
Komponist | Neil Diamond | |
Tekstforfattar | Neil Diamond | |
Produsent | UB40, Ray «Pablo» Falconer | |
UB40-kronologi | ||
«I've Got Mine» (1983) |
Red Red Wine | «Please Don't Make Me Cry» (1983)
|
UB40 sin versjon av songen vart spelt inn for albumet Labour of Love. I følgje bandet kjende dei berre til Tony Tribe-versjonen (og forstod ikkje at låtskrivaren, som berre var omtalt som Diamond, i røynda var Neil Diamond), og versjonen deira har ein lettare reggaestil samanlikna med den mørkare, akustiske balladen til Diamond. UB40-versjonen inneheld eit munnleg vers av UB40-medlemmet Astro, som opnar: «Red Red Wine, you make me feel so fine/You keep me rocking all of the time» — som vart teken bort frå singelen som nådde toppen av lista av Storbritannia i august 1983 og 34. plassen i USA i mars 1984. I 1988 vart songen gjeve ut på ny som singel i USA, denne gongen med Astro-verset, og gjekk heilt til topps på Billboard Hot 100.
Lister (UB40-versjonen)
[endre | endre wikiteksten]Liste (1984) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[1] | 2 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2] | 5 |
Canada (RPM) | 2 |
Tyskland (Media Control AG)[3] | 12 |
Irland (IRMA) | 1 |
Nederland (Dutch Top 40)[4] | 1 |
New Zealand (RIANZ)[5] | 1 |
Noreg (VG-lista)[6] | 10 |
Sverige (Sverigetopplistan)[7] | 14 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[8] | 8 |
Storbritannia (The Official Charts Company) | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 34 |
Liste (1988) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 1 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Andre artistar som har spelt inn songen er Jimmy James and The Vagabonds (36. plass i Storbritannia i 1967), Tony Tribe (reggae-versjon i 1969, 46. plass i Storbritannia)[9], Charles Mann (1969), Vic Dana (1970, 74. plass i USA), Roy Drusky (1972, 17. plass på countrylista i USA), The Hobos (2004), Peter Tetteroo, Elan Atias (2001) og Sizzla (2008).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Red Red Wine» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Billboard Book of Number 1 Hits
- ↑ "Australian-charts.com – UB40 – Red Red Wine". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
- ↑ "UB40 – Red Red Wine – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ «De Nederlandse Top 40, week 39, 1983». Arkivert frå originalen 14. september 2008. Henta 24. februar 2008.
- ↑ "Charts.org.nz – UB40 – Red Red Wine". Top 40 Singles. Hung Medien.
- ↑ "Norwegiancharts.com – UB40 – Red Red Wine". VG-lista. Hung Medien.
- ↑ "Swedishcharts.com – UB40 – Red Red Wine". Topp 60. Hung Medien.
- ↑ "UB40 – Red Red Wine – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 565. ISBN 1-904994-10-5.
- Songar frå 1967
- Singlar frå 1968
- Singlar frå 1983
- Singlar frå 1988
- Neil Diamond-songar
- UB40-songar
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Nummer-ein-singlar i Nederland
- Nummer-ein-singlar i New Zealand
- Nummer-ein-singlar i Canada
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Songar skrivne av Neil Diamond
- Reggaesongar
- Songar om alkohol